Telemarkstunet

Telemarkstunet er ei samling av kopiar av gamle hus frå Rauland, som blei sett opp som eit tun på 1990-talet.

Telemarkstunet er kjent for sine sommeraktiviteter. Her er det håndverksutstilling på Låven, vedfyrt steinovnsbakeri i Eldhuset med salg av ferske bakevarer hver dag og sommerkafè i Årestoga med servering av tradisjonsmat.

På Tunet er det arbeidande handverkarar, Sjur bakar bollar og brød i gamaldags vedfyrt steinom kvar dag, Torbjørn og Karin lagar kling-og flatbrød og kafé er open for alle gjester. I låven er det handverksutsal med produkt frå meir enn 120 ulike kunsthandverkarar.

Telemarkstunet vil vera ope kvar dag frå 1. juli til 11. august.

  • Kafe i Gardsjordstoga
  • Steinomnsbakeri
  • Kling-og flatbrødbakeri
  • Handverksutsal
  • Sommarkurs

Det er geiter på tunet, og du kan også gå en natursti med spørsmål om natur, kultur og fugleliv.

De siste helgene før jul er håndverksutsalget i Låven også åpent, det er kafè og salg av småkaker, kling og gomme i Årestoga, og salg av nybakt brød og julekake i Eldhuset. Håndverksutsalget på Låven har også åpent i vinterferien og i påska.

Det er gratis entré på Telemarkstunet.

Omtrent en gang i måneden er det konsert og kro i Årestoga.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. baking i Eldhuset, røyking av kjøt og fisk i Badstoga eller selskap i Årestoga og Gardsjordstoga. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.

Husene på tunet

Årestoga
Omlag ein gong i månaden er det konsert og kro i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

Årestoga passer ypperleg til mellomstore selskap (inntil 40 personar) om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Låven
Låven er kopi av ei tradisjonell løe frå Vest-Telemark. Her finn du eit handverksutsal med ekte produktar frå omlag 120 ulike kunsthandverkarar. Det blir lagt vekt på norske produkt.

Låven er open kvar dag heile sommaren, i feriane og nokre helger før jul. Det er óg høve til å bestille opning av handverkutsalget og omvisning på Telemarkstuent for grupper.

Gardsjordstoga

Gardsjordstoga er ein kopi av eit hus frå Rauland. Vi har utvidet med eit stort modern kjøken og gjort i stand til eit flott selskapslokale. Her er det to rom med sitteplass til ca. 40 i kvart – ein kan også bruke eit rom til servering og eit til dans! Om sommaren kan ein besøke vår sommarkafé i Gardsjordstoga og nyte retter laga av lokale råvarer, gode heimelaga kaker, iskrem og vår eigen øl.

I tillegg har vi fleire rekonstruerte hus i bruk på tunet:

  • Veslebur
  • Loftet
  • Eldhuset
  • Stallen
  • Badstoga