Telemarkstunet er eit tun med kopiar av gamle hus frå Rauland. Det blei sett opp som eit tun på 1990-talet.

Telemarkstunet er ope kvar dag, for besøk ut i tunet. Om sommaren er det utsal i låven, bakeri i Eldhuset og kafè i Gardsjordstoga. Det er òg jolemarknad i desember. Sjå eigen informasjon.
Telemarkstunet har aktivitetar om sommaren. Her er det bruktsal, sommerkafè i Gardsjordstoga, utstillarar, handverk på tunet, natursti og leikekrok for borna, med sandkasse.


Telemarkstunet er også ope dei siste helgene før jul. Då er det håndverksutsal på Låven, kafè i Gardsjordstoga og bakeri i Eldhuset.
I tillegg er håndverksutsalet på Låven ope i vinterferien og i påska.
Det er gratis entré på Telemarkstunet.
Omtrent ein gong i månaden er det konsert i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland. Etter konsertane er det kro med dans i Gardsjordstoga.
Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil ha selskap, møter eller andre arrangement. Det er plass til ca. 35 personar i Gardsjordstoga.
Ta kontakt med Raulandsakademiet,
tlf 35 07 32 92.


Husa på tunet
Årestoga
Omlag ein gong i månaden er det konsert og kro i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland.
Låven
Låven er kopi av ei tradisjonell løe frå Vest-Telemark. Her finn du eit handverksutsal med ekte produkt frå omlag 120 ulike kunsthandverkarar. Det blir lagt vekt på norske produkt.
Låven er ope kvar dag heile sommaren, i feriane og nokre helger før jul. Det er óg høve til å halde ope elles, etter avtale. Det gjeld handverkutsalget og omvisning på Telemarkstunet.
Gardsjordstoga
Gardsjordstoga er ein kopi av eit hus på Rauland. Me har utvida med eit stort moderne kjøken så ein kan nytte seg av stoga til selskapslokale. Gardsjord er delt inn i to rom, og har sitjeplass til ca. 35 personar. Om sommaren kan ein besøke vår sommarkafé.
I tillegg har me fleire rekonstruerte hus i bruk på tunet:
- Veslebur
- Loftet
- Eldhuset
- Stallen
- Badstoga








