Sommarkonsertar på Telemarkstunet

Årets konsertrekke er klar!

Velkomen til gratis konsert kvar laurdag og sundag i juli.

30.6 og 1.7 Anne Gravir Klykken
7.7 og 8.7 Nina og Maren Johnsen Haugen m. Anders Blystad
14.7 og 15.7 Ingrid Hamberg og David Rönnlund
21.7 og 22.7 Ellestad Wiik Duo
28.7 Tone Anne Tveiten
29.7 Birgit Haukås

Anne Gravir Klykken Kvedaren frå Skien har ei lang karriere som sangar både i folkemusikk og andre sjangrar. Konsertane byr på morosamme tekster og gode melodiar. Ikkje sjå bort frå at publikum blir inviterte med på ei vise eller to. I tillegg til konsertane, har Anne Gravir Klykken kvedarkurs 28.6-1.7 – meir info her!

Nina og Maren Johnsen Haugen er eit talentful søskenpar frå Vinje. Jentene har sunge saman heilt sia dei var små. I år har Nina begynte på vidaregående og Maren har igjen kome vidare til UKM. Nina synes det er moro å sjå korleis stemmen utviklar seg over tid. Ho trives best å synge sammen med andre – spesielt systera si. Nina høyrer på mange ulike artistar, sjølv om det er ikkje alle som har sangar ho kunne tenke seg å synge sjølv. Maren har alltid sunget og vore interessert i musikk. Ho sier at ho synger heile tida fordi musikk gjer ho glad. Som systera si er ho og mest glad i å synge med andre i grupper eller band. Ho bruker mykje tid til å skrive songar som ein får høyre på konserten. På spilleliste til Maren er det artister som Adele, Selena Gomez og Michael Jackson.
I år har dei med seg kulturskulerektor og gitarist Anders Blystad. Han opptrer både som solist og i band og henter inspirasjon frå mange plassar, men særleg frå gitaristar som Jack Rose, Glenn Jones, John Fahey og Robbie Basho. Hans eigne komposisjonar er ein vakker blanding av blues, folk, ambient og avantgarde.

Ingrid Hamberg (USA) og David Rönnlund (Sverige) har bosatte seg på Rauland etter gjennomførte masterstudier ved USN (då Høgskolen i Telemark). Dei er aktive i Falkeriset Folkemusikklag der deltar i spelemanslaget og har dratt i gang dans på onsdagskvelder gjennom skuleåret. I tillegg til hardingfele kan det kome innslag med vanleg fele og sang. David har også studerte den svenske nasjonalinstrumentet nyckelharpa ved Erik Sahlström instituttet og har ein særinteresse for beinfløyter. Konserten byr på folkemusikk frå både Noreg og Sverige, og muligens artige historier og triste songar.

Ellestad Wiik Duo Laura Ellestad (hardingfele, vokal) og Magnus Soltvedt Wiik (gitar, banjo, vokal) utgjer ein litt uvanleg hardingfele/gitar-duo. Laura er frå Canada og kom til Norge i 2008 for å fordype seg i norsk slåttespel. Duoen begynte å spille saman i 2012, og har siden den tid opparbeida seg eit stort repertoar av norske og nordamerikanske slåtter som de tolker på sitt eget vis. Sommaren 2016 slapp duoen sin debutplate, «On the Water» (Just for the Records), til glimrande kritikker.
I 2014 ga Laura ut soloplata «Valdresspel i Amerika» (ta:lik). Plata ble nominert til både Spellemannsprisen og Folkelarmprisen. Hun jobber for tiden som instituttnestleder ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN), campus Rauland, og som doktorgradsstipendiat ved Norges musikkhøgskole. Magnus har gjennom ei årrekke levert solide bidrag til den norske roots-scenen gjennom band som Julie & the New Favorites, Open String Department, Magnus Wiiks Humdinger. Saman har de turnert i Norge, Danmark og Canada og spilt til både dans, konsert og kappleik. De har dykket ned i eit stort tradisjonsrepertoar, og debutplata presenterer et utvalg av dette.

Tone Anne Tveiten er 20 år frå Gransherad med aner ifrå Tuddal. Ho starta å spele hardingfele på Sommerkurset Ungfolk i 2008, og i år gjekk ho på folkemusikk 1 ved USN på Rauland. Ho har gått i lære hos Torunn Raftevold Rue. Tone er ei aktiv utøver innanfor folkemusikkmiljøet i Telemark med spel og dans.

Birgit Haukås kjem frå Tinn Austbygd og har nettopp gjennomført det første året av bachelorstudiet i folkemusikk på USN. Ho har spela hardingfele i 3,5 år, først med Lars-Ingar Meyer Fjeld som lærar i Tinn kulturskole og seinare med Per Åsmund Omholt på Rauland. Ho har fokusert seg på Tinnspelet men har også fått med seg litt av kvart frå resten av Telemark og andre plasser.