"Når marke æ grøn og blomster'n blå": Marit Karlberg og Frank Rolland i Årestoga

Det er lite fare for grøne marker og blåe blomar på onsdag 11. april, men du kan glede deg til ein smakebit av våren allikevel! kl. 20.00 kan du høyre duoen Marit Karlberg (song, langeleik, harmonium) og Frank Rolland (hardingfele) i Årestoga på Raulandsakademiet. Marit og Frank har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar på låg bas, grønt og ljøsblått felestille, ballader, viser og slåttestev som dei vil dele med lyarane. Musikken har vandra i tid og rom, men også funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium.

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv, og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995-2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine. Karlberg har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og er utdanna bibliotekar.

Frank Henrik Rolland er hardingfelespelar frå Ulvik i Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.

Billettar kr. 200,- / 100,- studentar