Veving på digital vevstol

Start dato 12.2.2018

Slutt dato 15.2.2018

Kursnummer 1893

Lærar Eli Wendelbo
Påmelding

Det blir ei innføring i bruk av digital vevstol med individuell trådstyring (TC2). Til utarbeiding av mønster brukar vi Photoshop elements, der bilde/mønster vert omarbeidd og separert i ulike lag – layers – for så å bli fylt med ein bindingsstruktur – pattern_- i kvart lag. Bilde/mønster vert overført til TC2-veven og kvar deltakar får prøve å veve sitt eige mønster. Kurs frå måndag kl 9 til torsdag kl 11.30.

Mål: å få eit innblikk i kva ein digital vevstol er og kva vi kan bruke den til og at alle kursdeltakarane får prøveveve.

Antal timar 18

Spesielle krav:

Ha kjennskap til digitalt bildebehandlingsprogram, f.eks. Photoshop elements

Ha kjennskap til grunnleggande bindingslære og evt. vevprogrammet WeavePoint

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:

Måndag  – onsdag 9 – 15, Lunsjpause 11.30-12.30

Torsdag 9-11.30

Måndag: intro om TC2- veven, arbeide med Photoshop elements på PC-lab

Tysdag- torsdag: Lage mønsterbank, Prøveveving, finpussing/omarbeiding av mønster,

 

Studiemateriell og verktøy

Alle kursdeltakarane får tilgang til eigen PC. Har du eigen PC med ovannemnte program kan du ta med dette, men det er ikkje eit krav.

Det er kun ein TC2- vev som deltakarane deler på. Dette kan medføre litt venting, men alle får prøve.

Ha med notatbok, ha med forslag til mønster eller bilde du vil prøve å overføre til TC2-veven.

Renninga i TC-2 veven er mrc-halvbleika bomull 16/2 med 12 tr/cm.  Dersom du har eige innslagsgarn, kan du ta med dette. (Bomull, lin, ull … )

Materialkostnader på ca 200 – 300 kr,

 

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: fellesforelesing på PC-lab, individuelt arbeid på verkstad og PC-lab.

Pris kr. 1500,-

Opphald og mat  under kurset. Ta kontakt med Raulandsakademiet, tlf 35073292.

  

Lærar:      Eli Wendelbo

Tlf.:   99020073

Adresse:     3864 Rauand

E-post:  eli.wendelbo@usn.no

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Tags:

Date

12 feb 2018 - 15 feb 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
SIST OPPDATERT
08:11 16.01.18
80 cm
Webcams
Tracks
18/18
45/45
Kart Map

Visit Rauland