Veving, kom i gang

Start dato: 25.6.2018

Slutt dato: 1.7.2018

Kursnr.: 1879

Lærar: Hilde Opedal Nordby

Påmeldingsfrist 14.mai
Påmelding

Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert, gåseauge i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, træ i vevskei, nedknyting. Hilde Opedal Nordby har vevutdanning frå HSN, Rauland. Ho har vore vevlærar på fagopplæringa i vev i regi av Studieforbundet kultur og tradisjon. Kurs frå måndag kl. 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 14. mai.

Kursplan:

Mål: I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggende teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære, litt materiallære og korleis en kan veve tekstiler i forskjellig kvalitetar. Alle deltakarane får veve bordbrikke, nålepute og kan hende også eit handkle.

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav: Alle som ønsker å lære å veve kan søke kurset.

Det kreves ingen forkunnskaper

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1500

Vevverkstaden ligg ca 600 m i gangavstand frå Raulandsakademiet.

Måndag: Kort intro om kva veving er og kva for mogelegheiter det er i veven. Bli kjend på verkstaden.

Tysdag – fredag: Veving, oppsetting av vev, renning, sveiping, hovling, framknyting, nedknyting, m.m.

Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk.

Inspirasjon til nyskaping

Laurdag – sundag: avslutte veven, ferdigstille og klargjere til miniutstilling, oppsummering og evaluering og sjå på mogelegheitene og kva som må til for å veve der du bur.

Studiematriell:

Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr.

Tilrådd litteratur: Solveig Orstad Teigen: veving, Laila Lundell: Den store vevboken.

Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.

Ta med: Skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.

Materialkostnader: ca kr. 500

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Praktisk arbeid på verkstaden. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjon og teoriundervisning. Korte økter med teoriundervisning felles. Mykje individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Verkstadane er opne om kvelden slik at deltakarane kan praktisere utanom undervisningstida.

Pris: Kurs kr 5900,-

Opphald og mat i 6 døger kr 6300,-

Lærar: Hilde Opedal Nordby

Tlf.: 91368928

Adresse: Haddlandsvegen 14, 3864 Rauland

E-post: [email protected]
Hilde er på Facebook

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Velg mellom fylgjande måtar for å få rabatt.

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Tags:

Date

25 jun 2018 - 01 jul 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
0°C
0 cm
Webcams
Tracks
0/18
0/49
Kart Map
SIST OPPDATERT
09:43 27.04.18

Visit Rauland