Treskjering, dragestil

Fullt

Start dato 12.2.2018

Slutt dato 15.2.2018

Kursnummer 1892

Lærar Mari Ormberg
Påmelding

Kurset startar med ei kort historisk innføring i dragestil og praktisk forståing av stilen. Resten av kurset vert på verkstaden, der kursdeltakarane får lære handverket gjennom å skjere eit ornament i dragestil. Å lære å lage emne til treskjering er ikkje del av dette kurset. Derimot blir sliping av jarn, komposisjon av ornament eller fargesetjing av ornament bonusoppgåver for dei som får tid til overs. Kurs frå måndag kl 0900 til torsdag kl 1130.

Dette kurset er arranger av HSN, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk I samband med vinterfestivalen. Denne veka er det også konsertar og workshops I dans og musikk både frå Noreg og andre land. Les meir om vinterfestivalen  www.usn.no/vinterfestivalen.

Stadfestingsbrev og faktura blir sendt frå Instituttet. [email protected]  tlf 35952900.           

 

Mål: Å lære å skjere i tre og få ei stilforståing for dragestilen spesielt og tradisjonell treskjering generelt. 

Spesielle krav: Nei

Innhald/dagsplan:    

Måndag 09.00-10.00: Teori: Historisk innføring i dragestil og praktisk innføring i ornament

              10.00-10.30: Teori: Bruk av treskjerarjarn, tryggleik og teknikk.

              10.30-11.30: Oppvarmingsoppgåve

Mandag 12.30- 15.00: Skjering av ornament

Tirsdag 09.00-11.30, 12.30- 15.00: Skjering av ornament

Onsdag 09.00-11.30, 12.30- 15.00: Skjering av ornament

Torsdag: 09.00- 11.30: Skjering av ornament

Dei som får tid til overs kan i tillegg lære om sliping av jarn, komposisjon av ornament eller fargesetjing av ornament.

 

Studiemateriell og verktøy: 

·         Ta med treskjerarjarn.

·         Dei som ikkje har treskjerarjarn kan leige for kr 400.- (Blir leigd frå Valdresmueseea)

·         Materialkostnad kr 300.-

·         Slipeutstyr finnes på verkstaden (tormek slipestein med vanlig lærskive og små lærskiver for

innvendig porlering), diamantbryner i ulike korninger og noe utvalg av spesialbryner.

·         Dei som vil øve på å teikne, må ta med teiknesaker.

·         Dei som vil prøve på overflatebehandling/fargesetjing, må ta med måling og penslar.

·         Ynskjer du å kjøpe verktøy? Ta kontakt med https://www.verktoyas.no/

Kjøp av merket Pfile.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:            Det blir litt felles innføring, men mest ein-til-ein undervisning på verkstaden.

Pris på kurset:  Kr.1500,- (gratis for studentar på Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland).

Opphald og mat: Ta kontakt med Raulandsakademiet, dersom du trenge overnatting og mat under kurset.

 

Lærar: Mari Ormberg, Bygdinvegen 1472, 2943 Rogne

tlf. 91332136    E-post: [email protected]

Web site: http://bygdekunst.no/

 

Tags:

Date

12 feb 2018 - 15 feb 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
14°C
0 cm
Webcams
Tracks
0/18
0/49
Kart Map
SIST OPPDATERT
02:30 17.06.18

Visit Rauland