søndag 16. juli, kl 15:00

Sliping av knivar

Start dato: 13.07.2023
Slutt dato: 16.07.2023
Kursnr.: 2333
Lærar: Per Sandvik
Påmeldingsfrist: 1. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Godt verktøy er halve arbeidet! Minst! Opplev å få ein sløv kniv kvass! Du lærer å slipe på ein enkel måte. Du gjer det sjølv og lærer små triks slik at du kan arbeide på eiga hand etter kurset.

Du lærer å slipe dreiejern, knivar, sakser, tappjern, treskjerarjern, ljåar, økser m.m.

Alle må ta med mange ting å slipe opp.

Ant. timar 20

Spesielle krav: Ingen

Studiemateriell:

Ta med ting å slipe opp for eksempel knivar, sakser, tappjern, dreiejern, treskjerarjer, økser m.m.

Husk å ta med veldig mange ting å slipe på. «Øving gjer meister»

Ta med ein håndholt bandslipar for treverk dersom du har.

Lærar har med 4 maskinar som deltakarane får bruke på kurset.

Ta på arbeidstøy. Verneutstyr. Vernebriller.

Per Sandvik har dette for salg:

Slipemaskin: kr 1500

Pakke med bryneutstyr: kr 400.-

Ta gjerne kontakt med lærar dersom du har spørsmål eller berre for å fortelje kor mykje du har arbeidd med sliping tidlegare.


Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform:
Gruppeundervising og individuell opplæring.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid


Lærar:
Per Sandvik

Tlf.: 45014261

Adresse: Måsåbekkvegen 13 C, 2316 Hamar

Per Sandvik er på Facebook


Datosøndag 16. juli
Tidspunktkl 15:00 - 12:00