Hazelius Hedin i Årestoga

Hazelius Hedin kjem til Årestoga ved Raulandsakademiet 1. juni, kl. 20! I 2018 feirar dei ti år sama med å sleppe sitt tredje etterlengta album. På albumet finnst tekster om tru, von og kjærleik, ja om alt eit menneske strir og slit med. I tillegg er det fleire instrumentallåtar, spela med den magien som kjenneteiknar duoen. Hazelius Hedin er ein kraftig duo som fyller den svenske dansemusikken og visene med eit makalaust driv som trollbind og rører publikum verda rundt.

Esbjørn Hazelius (song, sitar, fele, gitar) har bidrege til Jul i Folketon og spela i band som Quilty og Eitre. I tillegg var han den musikalske motoren bak Sofia Karlsson i fleire år. Soloplata hans (2009) blei nominert for ei rad med prisar og blei kåra som Bästa Utgåva på Folk & Världsmusikkgalan i 2010. Han har vore artist in residence på Musikkhögskulan i Malmö dei siste åra, samt kunstnarisk leiar for Stockholm Folk Festival.

Johan Hedin (sopran- og oktavnyckelharpe, sitar og song) turnerar verda rundt som nyckelharpespelar og inspirerer mange med sin måte å handtere instrumentet på. Han er aktiv som medlem i folk/barokkensemblet Silfver og verdensmusikkgruppa Bazar Blå. Han har stått på ulike scenar saman med konsertorganisten Gunnar Idenstam, Ale Möller, Jonas Knutsson, m.fl.
Til saman har han vore med på over tjuge plateprosjekt, av desse to soloalbum.

Billettar kr. 200 (kr. 100,- studentar)
Kro i Gardsjordstoga følger konserten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA