Trettandedagstradisjon i Torvetjønnstoga

VTB: 47 vers på rams – utanboks. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt tok folket i den tettpakka Torvetjønnstoga på Neset i Rauland med på ferda gjennom dødsriket.

Mørkt og mystisk. Inne i Torvetjønnstoga, som ikkje har innlagt straum, er det fyr på spissen. Dét hjelper ikkje mykje. Benkane, stolseta og veggane er iskalde denne vakre vinterkvelden. Ikkje eingong kropps-varmen frå dei kring seksti publikumarane som stua seg saman der inne, fekk temperaturen nemneverdig opp.

Men det var neppe fyrste gongen nokon har frose inne i denne stoga, som skal vera frå 1715. Av boka som Johan Vaa frå Rauland har skrive om Neset går det fram at stoga, som stod på Torvetjønn på Møsstrond fram til ho blei flytta til Lognvik, opphavleg var ei årestoge med open himling. Då er det lite å klage over for dei dunjakkekledde gjestene som besøkte staden ein bitteliten time. Om livet etter dette Klage var det for så vidt ingen som gjorde heller. Då Ingebjørg Lognvik Reinholdt stemde i med det storslåtte visjonsdiktet som sannsynlegvis er frå mellomalderen, sat dei frammøtte som fjetra.

Dei blei med Olav Åsteson, som fall i djup svevn joleftan, på draumeturen hans til dødsriket. Der skildrar han eit syn av livet etter dette, med kampen mellom dei vonde og gode maktene.

Reinholdt har rokke å bli ein skolert songar, etter at ho som sjuåring i Seljord starta med kveding.

Ho gjennomførte fyrst musikklina ved Skien vidaregåande skule, så musikk- og dramalinja på Åsane folkehøgskule før ho tok det toårige folkemusikkstudiet på høgskulen på Rauland. No gjennomfører ho masterstudiet i utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskule. Det kan òg nemnast at ho under Landskappleiken på Fagernes i 2015 rykka opp i A-klassa for vokal folkemusikk.

Ulike oppskrifter
«Ingen er så dum at han ikkje kan nokre vers av Draumkvedet, men ingen er heller så klok at han kan heile», skal Nils Sveinungsson, ein klokkar i Vinje på fyrste del av 1800-talet ha sagt. I fylgje lokalhistoriewiki.no var han den fyrste som skreiv ned visjonsdiktet som hadde levd i den munnlege tradisjonen. Han nedteikna 61 strofer som han sende til Olea Crøger. Elles er dei andre viktige oppskriftene etter Maren Ramskeid i Brunkeberg og Anne Lillegaard i Eidsborg. Versjonen av Draumkvedet som Reinholdt framførte på Neset, var ikkje Molkte Moe sin tekstkonstruksjon frå 1890-talet, fortalde ho til konsertpublikumet.

– Eg brukar i hovudsak Agnes Buen Garnås sin versjon, men har òg fått gode råd av Sondre Bratland, utdjupa ho. Gamle joledagen Framføring av Draumkvedet trettandedagen, dagen då Olav Åsteson vakna or svevnen, har blitt ein tradisjon mange stader. Så også på Neset, der mellomalderballaden blei framført for sjuande året på rad. 6. januar vart heilt fram til vår tid kalla «gamle joledagen» og blei halden halvheilag.

Dette skriv også folkeminnegranskaren Olav Bø om i boka «Høgtider og minnedagar». Han fortel at dette har samanheng med innføringa av den gregorianske kalenderen i år 1700. Tidsrommet mellom 19. februar og 1. mars fall ut det året, slik at joledagen blei fl ytta tolv dagar tilbake.

I innleiinga til framføringa i Torvetjønnstova blei det fortalt at det berre var i Telemark og Setesdal at det var funne spor av Draumkvedet. Og det var nok også her at skikken med å markere overgangen frå jol til kvardag heldt seg lengst. I Setesdal, fortel Olav Bø, feira dei trettandedagen skikkeleg, 47 vers på rams – utanboks. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt tok folket i den tettpakka Torvetjønnstoga på Neset i Rauland med på ferda gjennom dødsriket.

Det var samlògsrus: dei bar ihop og bryggja, drengjer og gjentor», skriv han om trettandedagsfeiringa.

Servering i låven
Så villskleg drykkjelag blei det ikkje på Neset, i alle fall ikkje så lenge lokalpresssa var til stades. Derimot sat folk i den innreidde låven og kosa seg med varm suppe. Inntil åt dei brau med smør
på. Smør som blei skore med ostehøvel. Her skulle det ikkje knipast, nei! Og dei aller mest vågale, dei tinga seg eit glas raudvin eller to som dei nippa til. Elles sat folk og rødde, gumla kling og slur- pa kaffi, medan dei mogelegvis grua seg for å gå ut att i vinterkulda. Der ute var det fare for at Oskereia kunne koma, har me høyrt.

Artikkelen er henta fra Vest-Telemark Blad tysdag 9. januar 2018, og er skrevet av Anne Sofie Tresland.


Stemningsfullt: Versjonen av Draumkvedet som Ingebjørg Lognvik Reinholdt song hadde ho lært av Agnes Buen Garnås. Ho framførte det i bolkar, med forklaringar i mellom. med det dei kalla «tolvterus». «Det var den sværaste rus her var i joli.