Høgfjellscruise med M/B Fjellvåken II

Publisert: 14.03.2024 11:03

MB Fjellvåken, køyrer dagleg tur/retur Skinnarbu – Mogen, på Møsvatn, frå 28. juni til 1. september 2024.

Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fot turistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute i over 130 år.

Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap. Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer ein isolert i nokre veker vår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer.

Båten landar og bli liggjande ved Liseth, så lenge at ein har god tid til å gå Kvennavegen og eller ein tur opp til Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret. Kanskje få nyte noko godt å bite i og kaffe på Argehovd gard. Dette vert det gjeve eigen informasjon om på Fjellvåken, på veg inn!

Det er og eit fantastisk utgangspunkt for dags-, fiske- og telt turar, og ein naturleg starten på ein lengre fottur på Hardangervidda. På båten er det enkel servering, men ein kan bestille noko anna når ein bookar.

Book billett her

Hver dag (28.06 – 01.09) kl. 09:30. Retur kl. 15:30

Høgfjellscruise på Møsvatn

Turen startar på Skinnarbu kl 09:30. På båten møter du velkvalifiserte og hyggeleg mannskap. Kapteinen syter for at du får ein trygg seilas. Matrosen syter for at du får ei unik oppleving.

Vel framme blir du møtt av vertskapet på Mogen Turisthytte som på ein venlege måte syter for at de finn hytta. OBS: Mogen Turisthytte er stengd i 2023, opnar igjen i 2024.

Det blir høve til å vandre på ein opparbeidd sti langs Kvenna, før Fjellvåken II er klar for avgang kl. 15:30. Kaffe og vaflar smakar ekstra godt på heimturen.

Opplev den vakre naturen ved Hardangervidda, medan du blir fortalt historier om de veglause gardene rundt Møsvatn.

Book billett her.