Vårkonsert i Grunge Kyrkje

Tru det eller ei, men det ligg an til å bli vår i år óg, til og med i fjellbygdene. Då er det tid for vårkonsert!

Tirsdag 24. mai fyller Haukeli-Edland musikkorps Grunge kyrkje med glade jazzlåter, Greta Lamsodyte syng våren inn og organisten vår, Robertas Lamsodis, gjev oss sprudlande, gode orgeltonar.

Og så skal me syngje!

Me møtest kl 19.00 til ein triveleg vårkveld i den vakre kyrkja vår. Velkomen!

Arr: Grungedal sokneråd.

Kollekt til nytt orgel.

Konserten er del av kulturårshjulet til Vinje kommune.

PS! Konserten skulle egentlig vært avholdt 19. april, men er utsatt til 24. mai.