Hva skjer på Dalen fremover

Eventyrhotellet vårt Dalen Hotel opnar for sesongen 20. april! Nytt kjøkken og 6 nye rom! Må opplevast! www.dalenhotel.no

Vest-Telemark Museum i Eidsborg opnar dørene sundag 29.april, med opningsarrangement kl. 11.00-17.00  https://www.facebook.com/events/2080974498813143/

Museet har 5 nye utstillingar i år! http://www.vest-telemark.museum.no/hjem/nyheitsartiklar-forsida/nyhende-2018/fem-nye-utstillingar-i-eidsborg

Ope dagleg kl. 11-17 frå 1. mai. Kanalparken opnar for slusing 15. juni. I husmannstoga er det mange  flotte handverksaktivitetar som både små og store kan delta i gjennom heile sommaren! Dette er verkeleg noko å anbefale for alle!

Åmdals Verk Gruver og Grimdalstunet opnar for sesongen 25. juni. Gruvene har fått ei oppgradering med tanke på formidling, det blir spennande å sjå! www.vtm.no

Sjå opningstider og prisar her: http://www.vest-telemark.museum.no/dbimgs/Opningstider%20og%20prisar%20VTM%202018.pdf

Dalen Turistkontor

Frå 15. juni til 15. august er turistkontoret ope:

Måndag-fredag kl. 10.00 -18.00

Laurdag og sundag kl. 10.00-16.00

Tlf 35 07 56 56

[email protected]

www.visitdalen.com

Før det er det vanlege kontortid frå 10-15.30, stengt i helgene, bortsett frå 2. juni og Oldemors gatefrukost. Har ikkje landa heilt på turistvertkabalen i sommar, men har i alle fall med meg Ingebjørg og Margit som eg hadde fjor. Bruk oss! J

Me har 4 stk syklar til leige, Merida 3 gir, best egna til «bysykling» rundt på Dalen, men det er no ialle fall eit tilbod. Olivier på Dalen B&B har kano og frå i år også kajakk til leige.

Gratis visningstur med buss rundt i Tokke torsdag 14. juni. Hald av datoen, sender ut invitasjon med påmelding i nærmaste framtid. Oppmodar til å melde dykk på, viktig at me er kjende med eigne attraksjonar slik at me kan snakke varmt om kvarandre og vere gode ambassadørar for Tokke!

VisitTelemark har eit kurs som heiter TelemarksVert. Dette er eit online kurs som alle kan ta, for å få betre kunnskap om Telemark og vere gode Telemarksambassadørar og bli sertifisert som kvalifisert TelemarksVert. Eg kjem til å køyre dette kurset på mine sommarvikarar, oppmodar fleire om å ta kurset. Ta kontakt for spørsmål om kurset.

Brosjyremateriell:

Ny Telemarkskatalog 2018:

https://issuu.com/folkebadet/docs/katalogen_2018_no_online_versjon

Telemarkskanalbrosjyra held eitt år til, det kjem nye rutetabellar.

Av lokale brosjyrer har me museumsbrosjyre, Tokke nappekart og bordkart, Gode dagar i Tokke, Dalen Hotel, Dalen B&B, Vest-Telemark nappekart, Suleskarvegen og turbrosjyrer VandreTelemark. Kom innom turistkontoret, send ein epost med kva de vil ha, elles så tek me også rundar og fyller på.

Brosjyrebyttedagen blir 22. mai i Lunde. Har de eigne brosjyrer/infomateriell de vil distribuere her, så kan me ta med for dykk.

Lastein Bryggjekafe sesongopnar fredag 18. mai med konsert med Jan Ove Johansen!

Dalen Bryggjeutstilling opnar 18. mai med opningsarangement kl. 17.00. Hovedutstillar i år er Tore Juell (måleri), andre utstillarar er Hilde Grandal (smykker) og Jorunn Ygre Rogne. Akvarell av Bjønn Fauske Lysdahl. Vest-Telemark Museum har ei flott utstilling om livet på Telemarkskanalen i gamle dagar i samme lokalet.

Bryggjeutstillinga er ope:

19.mai – 10. juni laurdag og sundag kl. 13.00-18.00

  1. juni – 12. august kvar dag kl. 13.00-18.00
    Inngang kr. 25,-
    Born under 16 år gratis

http://www.visittelemark.no/dalen/opplevingar/dalen-bryggjeutstilling-p515453

Velkomst for kanalbåtene M/S Henrik Ibsen fredag 18. mai kl. 17.50 på Lastein Bryggje og for M/S Victoria 19. mai i Lårdal og på Dale.  Velkomst ved ordførar, blomeoverrrekking og musikalske innslag. Sjå meir info i arrangemenstkalenderen til Visit Dalen på Facebook.

Tokke er stor på vandring, av 26 turstiar i VandreTelemark, har me heile 5 stk. (Lårdalstigen, Dalen-Rui-Eidsborg, Helveteshylen, Brynesteinbrotet og Bufjordstigen). Brynesteinbrotet og  Lårdastigen får i år ei oppgradering med nye skilt og tavler. VandreTelemark har fram til no vore Vest-Telemark sentrert, men blir no utvida til heile Telemark. Eg sit i styringsgruppa i VandreTelemark, og neste veke skal me på øyhopping og vandring langs Telemarkskysten. Spennande!

Lårdalstigen har blitt så populær, at kanalbåtane no har fast anløp inn til Lårdal på ettermiddagane!

Rutetider og prisar Telemarkskanalen:

https://www.visittelemark.no/telemarkskanalen/kanalbaatene/rutetider-og-priser

Steinsettinga opp til Rui vil halde fram i vår. Eg må ha med meg Finjo som var arbeidsleiar i fjor, han er kjend med arbeidet som er gjort til no, han er klar i mai/juni, så det skjer ikkje noko før det. Har dialogen med Geirr Vetti som er ansvarleg for prosjektet om oppstart. Steinen ligg klar på Tippen. Det er lokal kvartsskifer frå Omdal me brukar, som også er brynestein, og det er berre så tøft! Me tek jobbar med dei pengane me har att, og tek sikte på å nå målet for byggetrinn 1 som er krysset før Riarhamaren/Nykos  Eg har søkt Sparebankstiftelsen DNB om 1 million, får svar der i mai, då kan me kanskjee halde fram heilt opp til Riarhamaren.

Me har også fått ny verksemd på Åmdals Verk; Benny og Andrea Ploeg i Åmdals Relax som vil drive bed&breakfast og spa med mineralbad i såkalla float rooms. Spennande! Velkomen skal de vere J

Saunaen nede på Tangane er under bygging, og skal etter planen stå ferdig rundt St.Hans. Det blir turistkontoret som driftar denne i år, og det vil bli eit bookingsystem for bruk av sjølve saunaen. Me vil informere meir etter kvart som detaljane fell på plass. Ta kontakt om de har meir spørsmål knytt til saunaen. http://www.feste.no/soria-moria

Bandaksli blir det jobba med å få til overnatting for syklistar og padlarar på Telemarkskanalen inne i pakkbua/varehallen. Det er Telemarkskanalen Regionalpark som er ansvarleg for prosjektet, Feste Landskap har arkitekturen (også dei som har teikna saunaen) og bygginga vil bli sett ut på anbod. Kommunen eig varehallen. Det er tenkt ein «soveboks» inne i varehallen med plass til 4 pers, kjøkkenbenk for enkel matlaging, og «verktøyvegg» for oppheng av stolar, bord og vaskefat. Me har som mål at det skal stå klart til 19. juni, då får me besøk av TV2 under Telemarksveka som skal lage reportasje rundt tema sykling/vandring og filme frå Bandaksli J

Fotoutstillinga i Bandaksli vil få ei oppgradering, og det er oppretta ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med dette. Har de gamle bilete og gode historiar frå Bandaksli i gamle dagar, så ta kontakt

Suleskarvegen opnar 20. mai kl. 12.00! www.suleskarvegen.no I samband med opning jobbar me no med å få til dronefilming av vegen som blir fresa for sno. Det kan bli tøft!

Visit Telemark har kvar veke ei ny historie på www.telemarkshistorier.no Her er me med å bidreg med historiar, no seinast i går vart historia om Åse Stålekleiv publisert, og fleire gode historiar ventar! Historiane blir publisert på telemarkshistorier.no og på Visit Telemark sine Facebooksider. Del gjerne desse vidare!

I mai får me besøk av Reiselykke, som er eit norsk reisemagasin og reiseblogg med personlege reiseskildringar og tips. Kåra til Noregs beste reiseblogg 2017. http://reiselykke.com/ Ho skal bu på og få full oppvarting på Dalen Hotel, vandre til Rui der Alice ventar, få omvising på museet og kyrkja i Eidsborg og besøke Ingrid på Telemarkssylv.

TV2 kjem på besøk 19. juni og skal ha opptak med sykkel og vandring som tema, med m.a opptak i Bandaksli. Me veit ikkje så mykje meir enn akkurat datoen enno, men bra blir det! Dette er ein del av Telemarksveka, der TV2 i perioden 18. juni til 1. juli besøker Telemark. Me har også bestilt eit såkalla «postkort»  –  dronefilm som går som pausesnutt på TV2.  Les meir om Telemarksveka:https://www.visittelemark.no/telemarksveka

Arrangement:

Set veldig pris på at de likar Visit Dalen på Facebook og deler sida med venner og kjente J

Om de har arrangement, så kan de co-hoste Visit Dalen på Facebook, så blir det synleg også her. Eg kan også co-hoste t.d Vist Telemark og Telemarkskanalen for enno større publikum. Me er gjerne behjelpelege med å opprette arrangement om de har det, eg prøvar å famne breitt og om alle, men er avhengig av at de også er flinke til å informere oss tilbake kva som skjer J Del arrangementa vidare!

Arrangementskalender Visit Dalen på Facebook: https://www.facebook.com/pg/visitdalen/events/?ref=page_internal

Eg legg også arrangement ut på nettsida vår, i Kva skjer kalender der:  https://www.visittelemark.no/dalen/kva-skjer

Og på infoskjermane rundt om i kommunen.

Eg ramsar ikkje opp alle arrangement no, de finn dei i kalenderen på Facebook, men vil trekkje fram nokre:

April:

21.april  – Folkefrokost Dalen Hotel

29.april  –  Opning Vest-Telemark Museum Eidsborg

  1. april – NM i kaste på stikka, Lårdal

Mai:

  1. mai – Lårdal Upp
  2. mai – Opning Dalen Bryggjeutstilling
  3. mai  – Sesongopning Lastein Bryggjekafe med konsert
  4. og 19. mai – Båtvelkomst Henrik Ibsen og Victoria
  5. mai – Teater Fabel – Ruijentene som kom til kongen

Juni:

  1. juni  – Oldemors Gatefrukost
  2. juni  – Opningstur Lårdalstigen
  3. juni  – Rallardagen, Åmdals Verk
  4. juni – Vikingane kjem til Eidsborg og kanalparkopning, VTM
  5. juni –  Prosesjonsvandring med Nikuls, VTM Eidsborg.(Dette blir fantastisk!!)

22-23. juni – Dalsmarken www.dalsmarken.no

Juli:

  1. juli  – Engelsk hagefest på Dalen Hotel

August:

  1. august: Familiedag på VTM Eidsborg