Familiedag med hundekøyring

Bornas Turlag inviterer til ein forrykande familiedag 15. april med hundekøyring og villmarkskjensle! Me opprettar basecamp med lavo og bål, og derfrå vert det høve til rundtur med hundespann.

Haukeli Husky stiller med storspann for passasjerkøyring, og småspann for dei som vil prøve å køyre sjølv.
Ta med godt med klede, mat og drikke for ein heil dag på fjellet. Det er og høve for aking/ski for dei som ynskjer det.

Medlemspris: 150 kr for vaksne, 100 kr for born. Max familiepris: 500
Ikkje medlem: 200 kr (born), 300 kr (vaksne)
Me oppfordrar til å melde seg inn i DNT for å få rabattar. Sjekk: https://www.dnt.no/medlem/

Påmelding: Anne Kvaale Bjerk, tlf. 95815930 (Frist: 7. april)

Fylg facebooksida til Barnas Turlag Vinje for meir informasjon om turen.