Attraksjonar

Rauland og området rundt har mykje å tilby! Prøv eit fjellcruise på Møsvatn, nyt naturen langs Hardangervidda Nasjonalparkrute, opplev lokal handverkskunst eller ta ein båttur på Telemarkskanalen.

Oversikt over Attraksjonar

Fjellvåken II
Ein strålende sommardag med katamaranen og rutebåten MB Fjellvåken II på Møsvatn 919 m.o.h er ei unik oppleving. Båten går i rute mellom Skinnarbu og Mogen i sommarsesongen.

Du kan t.d. ta ein dagstur frå Skinnarbu inn til Mogen med tradisjonsmiddag på Mogen Turisthytte, eller bli med på ein tre timars guida tur frå Skinnarbu til Hovdøya og vakre Møsstrond kyrkje.

Mogen Turisthytte er ein populær innfallsport til fotturar frå hytte til hytte på Hardangervidda – villreinens rike, Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark.
Det går også an å leie båten og heile mannskapet – noe å tenke på for pensjonistlag eller andre lag, for eksempel når eit gullbryllaup eller en bursdag skal markeras! Bruk fantasien!

Hardangervidda
Fjellbygda Rauland ligg ved foten av Hardangervidda, Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark. Den Norske Turistforening har eit stort nett av hytter og merka stier. Eit populært utgangspunkt er Mogen Turisthytte i enden av Møsvatn. Dit kjem du med katamaranen MB Fjellvåken II fra Skinnarbu ved riksveg 37- eit fantastisk høgfjellscruise 919 m.o.h.

Museum og utstillingar
I Rauland og omegn finn du museum som formidlar alt frå skulptur, måleri,
litteratur og folkemusikk, til bygdekultur og lokal krigshistorie frå den andre verdskrigen. Alle musea, utanom Vinje forsvarsmuseum i Åmot, er ein del av fellesbillettordninga for musea i Vest-Telemark. Rauland og omegn byr og på fleire handverks- og kunstutstillingar.

Telemarkstunet
Ved Raulandsakademiet ligg Telemarkstunet, som er kopiar av lokale, tradisjonelle laftebygg. Om sommaren er det håndverksutstilling på Låven, vedfyrt steinovnsbakeri i Eldhuset med sal av ferske bakervarer, lefse-og flatbrødbakeri, sommerkafè i Årestoga og opne håndverkerverksteder i dei andre bygningane på tunet.

Hardangervidda Nasjonalparkrute

Ein tur langs Hardangervidda Nasjonalparkrute tek deg gjennom eineståande natur langs randsona Hardangervidda nasjonalpark. Lat deg bergta av utsikten frå bilvindauget, eller ta ein stopp for å nyte naturen. Vegen går på sjarmerande småvegar gjennom Telemark, forbi fjell og innsjøar, gjennom småskog og dalføre og over opne viddelandskap. Du finn og mange
attraksjonar langs Hardangervidda Nasjonalparkrute. Turløyper, båtturar, museum og kulturaktivitetar vil få både liten og stor til å fryde seg over aktivitetstilboda undervegs.

Ein tur langs Hardangervidda Nasjonalparkrute er ei reise attende i tid, til røtene i norsk
folkekultur og industriens framvekst i Norge.

Gaustatoppen

Gaustatoppen, som mange meiner er Noregs vakraste fjell, ragar majestetisk over Rjukan med sine 1883 m.o.h.

Kvart år tek ca 30 000 menneske turen opp på Gaustatoppen for å nyte den fantastiske utsikten. I klarver kan ein sjå austover til grensa til Sverige eller sørover til kysten. Utsikten viser over 1/6 av Norge.

Krossobanen

Nord-Europas første kabelbane blei bygd i 1928 som ei gåve frå Norsk Hydro til innbyggarane i Rjukan, slik at dei kunne kome seg opp i sola i vinterhalvåret.

Norsk Industriarbeidarmuseum, Vemork

Rjukanfossen ga grunnlaget for Vemork, verdas største kraftstasjon i 1911. Stasjonen har nå blitt eit museum der ein kan oppleve det fantastiske energieventyret og sjå utstillingar av industriutviklinga i Noreg og på Rjukan. Museet er kanskje mest kjent for sin presentasjon av Rjukans krigshistorie. På Vemork fann ein av dei viktigste sabotasjeaksjonane under 2. verdskrigen, da norske sabotørar hindra tyskarane i å utvikle atomvåpen av tungtvannet som blei produsert her.

 

Rauland-Rjukan fordelskort
Bestill minimum tre døgn overnatting og få rabattar på Norsk Industriarbeidarmuseum Vemork, Krossobanen, høgfjellscruise på Hardangervidda med meir.

Vest-Telemark Museum

Vest-Telemark er ei skattekiste av historie, kunst og kulturarv. Vest-Telemark Museum formidlar denne arven på til saman elleve museum.

På Rauland kan du besøkje store skulptursamlingar på Dyre Vaa-samlingane og Skinnarland-samlinga

Kom gjerne heile familien til Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Der har me noko for både liten og stor, eller besøk nokre av dei andre flotte musea i Vest-Telemark. www.vtm.no

Telemarkskanalen

Telemarkskanalen er noko av det vakraste Telemark kan by på. Ved hjelp av 18 slusetrinn fordela på åtte sluseanlegg, blir båten løfta 72 meter på den 105 km lange ferda frå den vakre telemarkskysten ved Skien, og like inn til foten av Hardangervidda ved Dalen.

Kanalen stod ferdig i 1892 etter at 500 menn hadde arbeidd hardt i 5 år. Ein tek kanalbåten den eine vegen og fylgjer buss tilbake.

Bø Sommarland

Vannvittig moro for heile familien! Stort badeland med vassaktivitetar i alle variantar.