Hopp til hovedinnhold

- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Torgdag 16. september 2017

Telemarktunet, Rauland, 16. September 11 - 16

Som i tidlegare år ynskjer vi velkomen til ein fin familiedag der alle som har noko å selge eller vise fram kan gjere det.

Raulandsakademiet står for sal av vafler, kaffi og varme retter i Gardsjordstoga. Husflidsnemnda stiller opp og opnar dørene til Låven med alle sine fine handverksprodukt. Bakeria kjem i gang med steinovnsbakte bollar og brød, nysteikt kling og flatbrød.

Det som vi manglar er deg! Mange besøkande set pris på å kunne handle lokale eller økologiske produkt direkte frå dei som lager dei. Det får du høve til her. Eple frå Sauherad, honning frå Lårdal, ferske økologiske grønsaker, heimelaga syltetøy og gele, ferske urter og mykje meir.....  

Har du noko å selje?

Det er god plass ute for deg som vil stå i friluft. Du stend sjølv for rigging av stand, sei frå om du treng straum. Gardsjordstoga og Årestoga er ledig for dei som ynskjer tak over hodet – her er det plass til fleire.

Prisar:
• Pris pr stand (inne eller ute) for matprodusentar og andre professjonelle kr 500.-
• Pris for bil med open bakluke for sal av bruka ting m.m. kr 100.-

Vi reknar med mange hyttefolk og fastbuande!
Vi håpar på fint ver og mange gode produkt frå ein god haust.

Velkommen!

Påmelding

Tlf. 35073292 eller  postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) seinast 13. september.

16. september 2016 - 16. august 2017

man tir ons tor fre lør søn
           V  
Developed by Aplia AS     Powered by eZ Publish - Personvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.