Jobb i Rauland

Oversikt over ledige stillinger i Rauland.

Raulandsakademiet

Raulandsakademiet driv med kurs innan tradisjonshandverk og tradisjonsmat, kantine, selskap og utleige av overnatting i 49 nyoppussa rom. Høgskolen i Telemark, institutt for folkekultur, held til her som leigetakar.

KOKK/KOKEKYNDIG – VIKARIAT

Stillinga er ledig frå 1. februar.

Den tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ha kjennskap til matlaging og må kunne lage frukost, lunsj og middag. Det ligg også noko reinhald og anna arbeid til stillinga.

Vintersesongen er ei travel tid og arbeidstida vil variere mellom dag-, kvelds- og helgearbeid.

Stillinga er eit 80 % vikariat fram til påsken 2012, med moglegheit for forlenging.

Stillinga er løna etter kommunale lønsregulativ.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kjøkkensjef Ragnhild Solbu eller dagleg leiar Helen Roth, tlf. 35 07 32 92.

Søknad med attestar sendast Raulandsakademiet A/S, 3864 RAULAND eller på e-post postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) , innan 15. januar 2012.

www.raulandsakademiet.no

---------------------------------

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS