Haustutstillinga 2010
Velkommen til opning av "Haustutstillinga 2010", laurdag 11. september kl. 18.00!
I denne utstillinga er det sambuarparet Johan Fredrik Arntzen og Anne Hansen som har separatutstillingar i båe høgdene.
Dei vil vera til stades på opninga.
2. høgda
Bilethoggar Johan Fredrik Arntzen inntek heile 2. høgda med store og små skulpturar. Hovudmaterialet er tre.
Han byrjar med ein rund, rå tømmestokk og skulpturane blir til direkte, "mens verktøyet surrer og går". Han arbeider også med glas, støypejern, epoxy og marmor.
"Brente Blonder"
Anne Hansen er keramiker og ho har kalla utstillinga si "Brente Blonder". Ho har arbeidd med bruken av gamle blonder, både som avtrykk i leira og i dekoren, mønster og modellering. Dei fleste av arbeida har aldri vore vist til publikum tidlegare.
Som om det ikkje var nok, er både Alida Rudjord med smykke og små objekt og den San Fransicobaserte fotografen Malcolm Lubliner representert med kvar si separatutstilling.
Opningstider
Ope: torsdag 14 -19, fredag, laurdag og sundag 12-17.
Ope kvar dag i haustferien.