Hjem > Sommer > Turforslag i Rauland > 10 toppar på topp.


10 toppar på topp.

- Opplev sommeren på Rauland!


10 toppar på topp.

Gør deg kjent med ti topper i Rauland og hvordan du kommer deg dit.

Ti toppar på topp i Rauland

  1. Husnuten 1609 moh
  2. Breidalseggi 1568 moh
  3. Austare Skarsnut 1518 moh
  4. Heimare Skarsnut 1495moh
  5. Vehuskjerringa 1355 moh
  6. Damtjønnuten 1291moh
  7. Stavsnuten 1245 moh
  8. Sveigefjell 1290 moh
  9. Brattskarsnuten 1203 moh
  10. Falkenuten 1096 moh

Denne oversikta er meint å vere til inspirasjon for dei som ynskjer å utforske fjellheimen rundt Rauland på eiga hand. Oversikta er ikkje meint å gje fullstendig informasjon om dei enkelte toppturane, men ynskjelig kan den vera med på å få ein i gang med å utforske fjella rundt Rauland. For å kunne nytte oversikta bør ein ha med seg Turkart for Rauland (1: 30 000.) Alle toppane, utanom Husnuten finn du på dette kartet. Husnuten finn du på kartet Hardangervidda sør - vest ( 1: 60 000.) Begge karta får du kjøpt på Rauland Turist.

Nokre av turane er heilt eller delvis merka, men dei fleste er umerka og fylgjer gamle vegar, tråkk og stiar. Hugs at over 1400 moh er det stort sett berre stein og ein må ta seg fram så godt ein kan.

God Tur!

 

1.Husnuten

Frå Bitdalsdammen

Gå over demninga og følg stien langs vatnet i ca 1 km Følg etter det sti/tråkk opp Fallbrotdalen til Ånundstjønnan. Følg så ryggen sørover mot toppen.

2. Breidalseggi

Frå parkeringsplassen før bommen på Kromviksvegen

Bratt sti opp nordsida av Numedalsjuvet via Numedalstjønni og Breidalstjønnan til toppen.

Frå Spjotar

Sti frå liten varde ved vegen til varde på flata etter oppstigning. Til venstre sti opp sørsida av Breidalen til Breidalstjønnan (delevis blåmerka.) Frå Breidalstjønnan følg naturlig led mot toppen.

3/4. Austare og Heimare Skarsnut

Frå Kromvikvegen

Følg sti frå parkeringsplassen før bommen på Kromvikvegen via Numedalstjønni til begge toppane.

Frå Rauland Alpinsenter

Følg tråkk frå toppen av heisen ved Rauland Alpinsenter (Raulandsfjell) til begge toppane.

5. Vehuskjerringi

Merka rute frå Vehus. Liten parkering. Sjå Turkart for Rauland.

6. Damtjønnuten

Frå Tannsosen

Følg veg/sti frå Tannsosen via Bjønnskarshaugen og Tessungdalsglupen til toppen.

Frå Dyrdal, Øyfjell

Sti frå Dyrdal i Øyfjell mot Fossetjønn. Ta mot høgre ca 1 km frå Fossetjønn via Damtjønn mot toppen.

Frå Sørsida av Lognviksvatn

Følg veg (bom) på sørsida av Lognviksvatn frå Bostaul/ Åvestaul ca 1km. Følg sti opp Tessungdalen (søraust side) og følg stien på høgdedrag mot toppen.

7. Stavsnuten

Følg veg/traktorveg/sti frå Tannsosen via Bekkjebui og Tjønnestaul til varde på venstre side av stien, ca 1 km før Stavsvatn. Rute med vardar opp til toppen.

8. Sveigefjell

Kan angripas frå Bitdalsdammen via Stritubakkjuvet og frå Ljosa og Spjotar på Kromvikvegen. Også greit å gå opp Sveigedalen på vegen mot Bitdalsdammen.

9. Brattskarsnuten

From Hovdeli

Følg høgspentlinje rett sør for hyttefeltet. Aust for austenden av Longetjønn følg sti til enden av vegen frå Lognvik/Fundli. Følg vegen nokre meter og ta sti via Listaul mot toppen

Frå Austbø

Følg bratt traktorveg til venstre, ca 100 meter frå brua over Sauarelva til Longetjønn. Sti til austenden av vatnet. Følg sti til enden av vegen frå Lognvik/Fundli. Følg vegen nokre meter og ta sti via Listaul mot toppen

Frå Lognvik

Følg veg ca 150 meter vest for Sagamyri, nesten til endes. Følg deretter sti via Listaul mot toppen.

10. Falkenuten

Gamal sti

Følg merka tursti, som vist på Turkart for Rauland frå parkeringsplass på Kromvikvegen.

Ny steinsti

Følg ny steinsett tursti frå parkeringsplass som ligg ca 250 meter nærmare Møsvatn.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.