Hjem > Sommer > Fiske > Generell informasjon



Generell informasjon

Vinje kommune er den vestlegaste og største kommunen i Telemark - større enn Vestfold fylke. Hundrevis av små og store vatn dekkjer til saman eit areal på 250 km2.

Gode fiskemuligheter

Om du fiskar med sluk, spinnar, fluge eller makk, vil du alltid kunne finne ein stad der tilhøva er akkurat slik dei skal vera!
For dei som likar å fiske på isen etter røye er dei store vatna ei kjelde til matauk og trivnad heile vinteren.
Om våren er fisket særleg godt etter isløysinga, dvs. tidleg i juni. Høgare til fjells vil isen vanlegvis liggje til omlag 20. juni og ofte lenger.
Elles er det ein bra sesong frå juli og ut september.
Stortinget har vedteke at alle under 16 år skal kunne fiske fritt i vatn og vassdrag. På den måten ønskjer ein å auke interessa for og gleda over friluftsliv hjå dei unge.
Når ein har bestemt seg for kvar ein vil fiske, må alle over 16 år løyse eit lokalt fiskekort eller gjera avtale med den som eig fiskeretten. Retten til fiske i vassdrag tilhøyrer som oftast den som eig grunnen på land, men der kan vera lokale variasjonar.
Inntektene ved sal av fiskekort er ofte med på å finansiere lokale kultiveringstiltak, og dei kan gje bønder og småbrukarar ei attåtinntekt som kjem vel med i desse dagar.
Fisken i Vinje:

Det er auren som rår i dei fleste vatna i Vinje. Aurestammene kan vera talrike, og storleiken ligg gjerne mellom 200 og 400 gram. Men ikkje sjeldan kjem ein over bortgøymde tjønnar og vatn der auren er meir fåtallig, og derfor jamt over større. Fisken er likevel gjennomgåande i god kondisjon både i elvar, bekkar og vatn, og er raud og delikat i kjøtet.
I dei store reguleringsmagasina har den pelagiske røya tilpassa seg så godt til skiftande vasstand, at mengda er blitt i største laget. Dermed blir fisken relativ liten, sjeldan meir enn 100-200 gram.
Det har vist seg vanskeleg å få til eit effektivt røyefiske for å betre balansen i høve til næringstilgangane, men smårøya er likevel velsmakande, raud i kjøtet og utruleg populær blant dei mange isfiskarane som kjem att kvart år, heilt frå Sverige og Finland. Og no og då er det nokon som dreg opp duglege røyesluggar på 2-3 kilo. Det er ei oppleving verdt ei lang reise!
Utstyr og fisketips:
Isfiske:
For å fiske etter røye vil det vera vanleg å bruke røyeblinkar av ulike slag. Dei fleste fargar fungerer, men raud, kvit og kopar er særleg gode. Nokon brukar òg å fôre fiskeplassen med ost, kjuke, rekeskal o.a. eit par dagar før ein skal til å fiske.
Dette gjer at røya samlar seg ved holet, og slik kan ein få store fangstar.
Auren er ofte vanskelegare å få på isen, men utover våren er det verdt å prøve lykka. Mormyskja og makk/maggot kan då vera eit bra val. Ein bør velje mindre blinkar til auren, som blir lettare skremd av dei største røyeblinkane.
Kom alltid i hug ispiggar, og gå langt unna råker.
Vårisen kan vera utrygg!
Du må kjøpe fiskekort som gjeld for det vatnet du
ynskjer å fiske i. Barn under 16 år kan fiske gratis -hugs gyldig legitimasjon.
Utleige av isborr og pilkestikker på Rauland Turistkontor, tlf. +47 35 06 26 30.
Sal av fiskeutstyr og maggot/agn til isfiske på Rauland Fjellsport, tlf. +35 07 18 00



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.