Hjem > Sommer > Fiske > Fiskekort Totak, Rauland


Fiskekort Totak, Rauland

- Opplev sommeren på Rauland!


Fiskekort Totak, Rauland

Innsjøen Totak er ca 35 km lang, og er målt til omlag 350 m på det djupaste. Det er to fiskeslag i vatnet, aure og røye. Botnen er for det meste av sand og stein, og vatnet er særs klart og fint.

Totak fiskelag sel kort som gjev rett til isfiske og stongfiske i Tansåi, Bituåi opp til Fossemarkfossen og i Totak. Området er vist i oppslag på utsalsstadane. Fiske frå båt er ikkje lov. Kvar påskeaften arrangerar Totak fiskelag isfiskekonkurranse. Det må ikkje fiskast nærare foringsanlegg enn 300 meter og ikkje nær utsette garn og ruser.
Hugs!
I enkelte områder er fiske forbode i perioden 1.september til og med 31.oktober. Dette gjeld området avgrensa av kraftlina frå Brattland over Bernes til Lofthus og opp Tansåi til Tansosen, og i eit område avgrensa av ei rett line frå Sporanes og til Åmyri og opp Bituåi så langt auren kan vandre.
Utsalsstader:
Esso Rauland Servicesenter, Rauland Turistkontor og Rauland Camping.

35 07 33 09



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.