Hjem > Sommer > Fiske > Fiskekort Lognvikvatn Aust, Rauland


Fiskekort Lognvikvatn Aust, Rauland

- Opplev sommeren på Rauland!


Fiskekort Lognvikvatn Aust, Rauland

Lognvikvatn er ikkje regulert og er 74 meter på det djupaste (ved Fundlid). Der er gode fiskestammer av aure og røye.

Lognvik krins fiskelag forvaltar den austre delen av Lognvikvatn (sjå kart). Dette laget har eit spesielt tilbod om utleige av båt og garn i sommarsesongen, og isfiske med fast plass om vinteren. Garn må leigast hos Torbjørn Berge. Eigne garn kan ikkje brukast.
Fiskekortet for Lognvikvatn Aust gjev høve til stong- og isfiske. Tilkomst ved Øygarden i aust. Ein kan også gå langs den merkte gamlevegen langs Lognvikstrondi. Lognvikvatn høver også godt for padling.
Utsalsstader:
Grunneigarane, Rauland Turistkontor og Austbø Landhandel

35 07 37 86



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.