Hjem > Sommer > Fiske > Fiskekort Berunuten Vest, Hardangervidda


Fiskekort Berunuten Vest, Hardangervidda

- Opplev sommeren på Rauland!


Fiskekort Berunuten Vest, Hardangervidda

Heile eigedomen er på ca 90000 dekar, og ligg i høgdelaget frå 900 til 1400 m.o.h. Sportsfisket, småviltjakta og dei 7 hyttene som ligg spreidde på eigedomen er opne for alle.

Dei om lag 15 vatna har reine aurestammer med jamt god kvalitet. I nokre av vatna er det stor og gild fisk, medan einskilde vatn har for mykje og dermed meir småvoren fisk. Den vanlege storleiken er frå 0,2 til 1 kilo. Utanom desse vatna har Songa og Songavassdraget inn mot Hardangervidda ei rekkje fine fiskeplassar der alt ligg til rettes for gode fangstar av flott aure. Alle desse vatna ligg i ope lende på høgfjellet, og der dermed vel eigna for stongfiske av alle slag. Berre langs Songaåi og Songa er det bjørkeskog. Vinje Kommune ynskjer deg velkommen til eit fantastisk område. Skitt fiske!
Utsalsstader:
Vinje kommune, Tenestorget og Rauland Turistkontor.

35 06 23 00
www.vinje.kommune.no
tenestetorgetSPAMFILTER@vinje.kommune.no <tenestetorgetSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.