Hjem > Kontakt oss > Artikler > Viser i sentrum


Viser i sentrum

– frå Dylan til E76


Viser i sentrum” 2013 er eit nytt musikalsk tilskot i Rauland:

Helga 22. - 23. november står Kaffibaren, Folkemusikkscena og Folkeakademiet på Rauland bak eit program med fokus på songen og visekunsten. Viser i sentrum har visesongkurs på dagtid samt konsertar både fredag og laurdagskveld med pub og open scene. Rocka viser på bygdemål og nynorsk!

Fredag 22. november

kjem Jon Solberg, kjend frå Bø-gruppa Ni Liv, for å presentere stoff i frå den nye plata si. Solberg liker gode historieforteljarar og tekstforfattarar som tar lydaren med på reiser, som talar direkte og som gjer lydaren bilete og ”filmer” i hovudet. Han er inspirert av tekstar med mange lag meining, tekstar som tål å høyrast mange gonger og som gjev noko utover bare å underhalde.

Med seg har han multi- instrumentalist og folkemusikar Anders Røine.

På laurdagskvelden

vert det óg ein plate- presentasjon mange vil sjå fram til, då Raulands eigen Edvin Loftsgarden saman med kompanjongane Nils Ole Lien og Oddbjørn Aase frå E-76 gjer oss ein smak på si nye plate - men her altså i vise- format. E-76 har spela inn 10 ny låtar på Raulandsdialekt der Edvin Loftsgarden har laga alt av tekst og melodi. Musikken er variert, alt frå viser til rock`n roll.

Tekstane inneheld mykje humor, nostalgiske tilbakeblikk og ironisk samfunnskritikk. Publikum vil altså få høyre både nytt og gamalt av E-76, i tillegg til ein og anna overrasking med super-trioen på gitar, munnspel og trekkspel!

Seinare på kvelden

vil Tom Roger Aadland entre scena. Han er blitt omtala som ein «tekstforfatter av stort format» og ein «melodisnekker av de sjeldne». Aadland vil framføre Bob Dylan-songar på nynorsk og sine eigne kritikarroste låtar, noko han har gjort på talrike konsertar over heile landet dei siste åra. Han har rykte på seg for alltid å levere varene på scena, og trivst like godt på ein sveitt rockeklubb i hovudstaden som på eit landsens bibliotek ute i norske havgapet. Ein kan nemne at Hellbillies valde han som sin supportartist på jubileumsturneen våren 2013. 

På føremiddagen same dag vil Tom Roger Aadland dessutan halde skrivekurs korleis setje om tekstar til nynorsk. Han har lang erfaring som lærar på musikklinje og har mellom anna halde førelesing for Oslo Universitet og Utdanningsforbundet om gjendikting og Dylan. Kurset er ope for både ungdom og vaksne.

Me takkar våre sponsorar Vinje Kommune, Tinn Sparebank, Spar Rauland, Esso

Rauland, og Raulandsakademiet!

Inngang fredag 200,- kr / 100,- kr (student)

Inngang laurdag 250,- kr / 150,- kr (student)

Begge kveldar 400,- kr

Kursavgift 200,- kr / 100,- kr (student og ungdom)

Festivalpass 550,- kr



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.