Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Villreinjakt 2010 frå pil og boge til kuler og krutt


Villreinjakt 2010 frå pil og boge til kuler og krutt

Gratis kurs for ungdom

Til ungdom i alderen 15 til 18 år!

Bli med på kurs om villreinjakt og fangstkultur 15. -18. september!


Villreinjakt 2010 frå pil og boge til kuler og krutt

Gratis kurs for ungdom

Til ungdom i alderen 15 til 18 år!

Bli med på kurs om villreinjakt og fangstkultur 15. -18. september!

Norsk villreinsenter på Skinnarbu innbyr til innhaldsrike dagar med jakt og villreinfangst.

Vi ønsker med dette programmet å gje ungdom eit godt innblikk i både villreinjakta i dag og også i fangstmetodar som er bruka i tidlegare tider. Villreinen sin biologi og villrein som matressurs er også tema. Deltakarane vil lære å navigere i terrenget ved hjelp av kart og kompass og med GPS.

Her kan det bli store og gode opplevingar. Sjå program her!

Skinnarbu blir basen dei tre første dagane, der ein bur og eter i lavvo ved senteret. Aktivitetane vil finne stad både ved senteret og ute i terrenget. Etter desse dagane blir det hospitering på jakt med ein røynd jeger. der du er med utan børse.

Du treng ikkje har jeger- og skyteprøve for å delta på kurset.

Kurset er gratis, og det er eit avgrensa tal plasser.

Interessert? Meld deg på!

Du vil få høyre meir frå oss!

For å delta, vil ein trengje permisjon frå skulen. Det må deltakarane sjølve syte for.

Påmeldingsfrist 5.september! Send epost til:

Brita Homleid Lohne epost: Brita-Homleid.LohneSPAMFILTER@dirnat.no <Brita-Homleid.LohneSPAMFILTER@dirnat.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Mob.: 99362623

15. - 18. september 2010

man tir ons tor fre lør søn
     V  V  V  V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.