Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Program for Folkemusikkscena på Rauland høsten 2010


Program for Folkemusikkscena på Rauland høsten 2010

Les mer om det spennende programmet utover høsten!

Kontakt:

Per Åsmund Omholt

Per.omholtSPAMFILTER@hit.no <Per.omholtSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

48 21 69 08

www.folkemusikkscena.no

Eplemøya Songlag:


Program for Folkemusikkscena på Rauland høsten 2010

Les mer om det spennende programmet utover høsten!

Onsdag 25.august kl. 20.00, Årestoga:

Hått

Gruppa ”Hått” er Nils Øyvind Bergset (trekkspel) / Per Anders Buen Garnås (hardingfele) / Anders E. Røine (gitar) Tre av dei fremste folkemusikarane i landet (to av dei sto øvst på pallen på landskappleiken på Voss) blæs liv i ei lite påakta musikkform, og gjer det på gamlemåten. Hått har plukka fram gamaldansslåttar på hardingfele frå Telemark, Numedal og Valdres - slåttar som var i ferd med å gå i gløymeboka. Men det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her.

Gamal spelestil

Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, bogabruk og ornamentikk som i tradisjonelt hardingfelespel, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane. Bak kvar sving gøymer det seg melodiske perler og under ligg sugande danserytmar. Dette svingar som gamaldans ikkje har gjort på 70 år! Hått er m.a.o. hottare enn hot!

Sjå meir på www.myspace/runddans

Onsdag 22.september kl. 20.00, Årestoga:

Eplemøya Songlag

Med kombinasjonen ein folkesongar og to jazzsongarar a cappella, er trioen Eplemøya Songlag ein unik konstellasjon som skaper eit eige uttrykk i det norske folkemusikalske universet. Det vesle songlaget, Liv Ulvik, Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakmoen, utforskar og utnyttar mogleheitane som ligg i fusjonen mellom jazzvokal og kveding. Songarane har ulik musikalsk røynsle og bakgrunn, og brukar dette aktivt til å skapa ein ny lyd saman – berre med bruk av røystene.

Miks av mange stilar

Musikken er sett saman av tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis samt eigne komposisjonar i tradisjonell stil. Her oppstår ein miks av humor, spenning, eksperimentell improvisasjon og forteljarkunst. Eplemøya Songlag har tidlegare fått mykje åtgaum i samband med ulike konkurransar. Sommaren 2009 song trioen seg til finaleplass i den prestisjetunge tevlinga IntroFOLK i regi av mellom anna Rikskonsertene.

I november same året vann Eplemøya Songlag Debut09, ei tevling i regi av Rikskonsertene, Oslo World Music Festival og Jungeltelegrafen på Nrk P2. Juryen utnemnde Eplemøya Songlag til vinnar blant fire finalistar. Konserten vert arrangert i samband med forskningsdagane ved Institutt for Folkekultur (HiT).

Sjå meir på www.myspace.com/eplemyasonglag

Les anmeldelse.

Onsdag 20. oktober kl. 20.00, Årestoga:

Knut Hamre

Knut Hamre frå Granvin i Hardanger har sidan han stod fram, tidleg på 1970-talet, markert seg som ein av dei aller fremste spelemenne våre. Han har vunne ei rad landskappleikar og turnert i inn- og utland, og er samstundes ein stilskapar som også har inspirert og lært opp mange framståande yngre utøvarar. Knut fortel sjølv: ” Kvifor eg kom til å spela fele veit eg ikkje heilt, men det har sjølvsagt med staden eg vaks opp og musikken der å gjera. Mange var spelemenn og dei kunne ei mengd med slåttar. Dei var liksom i musikken si teneste, slåttemusikkens vaktarar. Slik starta mi læretid, ei læretid eg framleis er i, ei læretid eg ynskjer aldri må ta slutt.”

Ny plate i haust

I haust kjem Knut med ny plate - ”Ferd” - den fyrste soloplate sidan 1994. Mange ulike speltypar møtest på denne CD-en, og lagar ein mangfaldig heilskap som samlar trådane i Knut Hamres musikalske liv til no. Det er det gamle Mosafinn-spelet, med sine stutte, reindyrka slåtteformer og sin karakteristiske, slagferdige stil; dei rike, utbygde slåttane i tradisjonen etter Halldor Meland; lokale slåttar frå Granvin og nylaga slåttar på ulike stille; bånsull og improvisasjon. Og gjennom heile denne veven renn ein vilje til uttrykkskraft og intensitet, kombinert med den opphøgde ro som er så karakteristisk for spelet til Knut Hamre.

Sjå meir på www.knuthamre.no

Onsdag 10. november kl. 20.00, Årestoga:

Le Vent Du Nord (Canada)

Storhending!!!

Me er glade for å kunne presentere den fransk-kanadiske gruppa Le Vent Du Nord i Årestoga denne novemberkvelden. Den internasjonalt kjende folkemusikkgruppa frå Quebec er på ein miniturné i Noreg i haust, og me har vore so heldige å få dei til Rauland. Dei er truleg for tida dei fremste ambassadørane for folkemusikktradisjonen i Quebec - ein herleg smeltedigel av musikk frå Frankrike, Irland og Skottland spela av denne gjengen med dyktige musikarar: Olivier Demers, Nicholas Boulerice, Réjean Brunet og Simon Beaudry

Stor popularitet

Gruppa fann saman i 2002 og har sidan då vunne stor popularitet over heile Nord-Amerika og Europa. Dei held om lag 100 konsertar i året, og så langt har dei turnera over heile Canada, i 40 statar i USA og i 15 europeiske land. Dei har gjeve ut 5 CD’ar, alle nominerte til ulike prisar. Repertoaret vekslar mellom melankolske, vakre fransk-canadiske songar og elleville rilar på fele, toradar, dreielire og gitar. Gruppa har og motteke ei rekke utmerkingar, mellom anna Canadian Folk Music Awards tre gonger. Dei rangerar på listene til fleire internasjonale musikkmagasin som «Top Ten of the World” i sjangeren world music, men har fyrst og fremst si sterke forankring i folkemusikken frå Quebec.

Møt opp tidleg, her kan det bli fullt….

Sjå meir på www.leventdunord.com

25. august - 10. november 2010

man tir ons tor fre lør søn
     V        

Hått:

Eplemøya Songlag:

Knut Hamre:

La Vent Du Nord:



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.