Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Pølsekurs med Bodil Nordjore 4. – 7. november.


Pølsekurs med Bodil Nordjore 4. – 7. november.

Bodil har det travelt i haust. Ny bok ”God jolemat” som kjem ut i november og 6 matprogram på NRK med Hilde Hummelvold som startar 15. november.

Men likevel har ho høve til å koma til Rauland å halda pølsekurs.


Pølsekurs med Bodil Nordjore 4. – 7. november.

Bodil har det travelt i haust. Ny bok ”God jolemat” som kjem ut i november og 6 matprogram på NRK med Hilde Hummelvold som startar 15. november.

Men likevel har ho høve til å koma til Rauland å halda pølsekurs.

Pølser, heimelaga

Kusnr: 1097

Dato: 4.11-7.11

Veke: 44

Få hjelp av Bodil til å få god smak på middagspølsene. Eller lær og lage spekepølse av elg, storfe, lam, svin og blanding, noko salta og røykt og noko berre salta. Middagspølser av lam, svin og blanding, t.d. bondepølse, medisterpølse, tradisjonspølse. Pølser med eller utan urter, det blir bruka gode krydderblandingar. Ein må rekne ca. 2000 kr i råvarekostnad. Deltakarane tek med seg produkta heim.

Bodil Nordjore har arbeidd med tradisjonsmat i 25 år og er fagleg ansvarleg for tradisjonsmatstudiet på Høgskolen i

Telemark, Rauland. Ho har gjeve ut fleire kokebøkar, hausten 2008 kom ”Den store pølseboka”. Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Påmeldingsfrist 11. oktober.

OBS. Vi gjer merksam på at det ikkje er høve til å overnatte på Raulandsakademiet i haust. Overnattingsdelen blir pussa opp, og det blir dusj og toalett til kvart rom. Dei nye romma står klare 1. februar 2011. For overnatting ta kontakt med Rauland turist tlf 35062630. www.visitrauland.com

Kursplan:

Mål:

Å lære grunnleggande prinsipp om spekepølser og middagspølser.

Ant. timar m/lærar:

18

Ant. timar u/lærar:

6

Spesielle krav:

Ingen, men må vera generellt positive til denne type mat.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag kurs fram til kl 1200.

Torsdag kveld Presentasjon av kvarandre, plan for kursdagane, diverse førebuingar.

Fredag Ulike spekepølser

Laurdag Ulike middagspølser, grove, fine, ulike smakar. Røyking i badstoga på Raulandsakademiet.

Sundag Oppsummering, oppskrifter, avslutning, rydding og vasking.

Studiematriell:

Ta med skaut, forkle og gode sko.

Ta med eigne oppskrifter for utprøving dersom ynskjeleg.

Ta med ein god, skarp kniv og ei stor skjærefjøl dersom du har.

Ta med elektrisk kjøttkvern eller kjøkkenmaskin med kjøttkvern og pølsehorn dersom du har.

Ta med tarmar dersom du har.

Ta med emballasje, plastposar og store baljer til ferdige pølser.

I utgangspunktet blir det 2 spekepølser og nokre kg middagspølser på kvar deltakar. Dersom nokon vil bruke kveldane til å lage meir

må dei sei i frå til Bodil Nordjore.

Råvarekostnad ca. kr 2000.- etter kor mykje det blir laga.

Arbeidsform:

Fellesundervisning og individuell rettleiing.

Pris:

Kurs kr 2900,-

Lærar: Bodil Nordjore

Tlf.: 97072590

Adresse: , 3890 Vinje

E-post: bo-nordSPAMFILTER@frisurf.no <bo-nordSPAMFILTER@frisurf.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) eller bodil.nordjoreSPAMFILTER@hit.no <bodil.nordjoreSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

4. - 7. november 2010

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.