Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Konsert i Årestoga: Hått


Konsert i Årestoga: Hått

Folkemusikkscena på Rauland presenterer:

HÅTT

Onsdag 25. august kl. 20.00


Konsert i Årestoga: Hått

Folkemusikkscena på Rauland presenterer:

HÅTT

Onsdag 25. august kl. 20.00

Gruppa ”Hått” er Nils Øyvind Bergset (trekkspel) / Per Anders Buen Garnås (hardingfele) / Anders E. Røine (gitar) Tre av dei fremste folkemusikarane i landet (to av dei sto øvst på pallen på landskappleiken på Voss) blæs liv i ei lite påakta musikkform, og gjer det på gamlemåten.

Gamaldansslåttar

Hått har plukka fram gamaldansslåttar på hardingfele frå Telemark, Numedal og Valdres - slåttar som var i ferd med å gå i gløymeboka.

Men det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, bogabruk og ornamentikk som i tradisjonelt hardingfelespel, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane.

Sugande danserytmar

Bak kvar sving gøymer det seg melodiske perler og under ligg sugande danserytmar. Dette svingar som gamaldans ikkje har gjort på 70 år!

Hått er m.a.o. hottare enn hot!

Sjå meir på www.myspace/runddans og www.folkemusikk.no/hått

25. august 2010

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.