Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Jolemarknad på Telemarkstunet


Jolemarknad på Telemarkstunet

Ope 28. og 29, nov, 5. og 6. des. 12. og 13. des, 19. og 20. des.
Kl. 11 - 17.
Stort utsalg og utstilling med haugevis av gode, handlaga, norske husflidsvarer.

Aktivitetar jolemarknad

Aktiviteter jolemarknad


Jolemarknad på Telemarkstunet

Ope 28. og 29, nov, 5. og 6. des. 12. og 13. des, 19. og 20. des.
Kl. 11 - 17.
Stort utsalg og utstilling med haugevis av gode, handlaga, norske husflidsvarer.

Steinomsbakeriet har ope

Salg av heimelaga småkaker, flatbrød (brau), lefse (kling) og gomme.
Salg av ferske brød, jolekake og bollar frå steinomnsbakeriet.
Opne verkstader. Boklanseringar. Gratis konsertar. Peparkakehus utstilling og konkurranse.

Siste helg med jolemarknad på Telemarkstunet 19. og 20 desember 11-17

Til helga er det siste sjanse til å få med seg jolemarknanden på Telemarkstunet for i år.

Laurdag og sundag kl 15 er det studentar og tilsette frå Høgskulen og Akademiet som skal stå for julestemninga i Årestoga. Repertoaret består av svenske og norske julesongar frå ulike tidsepokar. Konserten er gratis med høve til å gje litt i hatten. Med i gruppa er Ranveig Tunheim, song, Britt Elin Myrene, trøorgel og song, Sarah Nagell, fele, hardingfele og song, Magnhild Berge, song og lyre.

Sundag kl 13 vert det kåring av vinnar i årets peparkakehuskonkurranse. Ei lita men eksklusiv samling praktverk skal tevla om den gjeve fyrstepremien , ei stor korg med diverse godsaker.

Steinovnsbakeriet har sal av ferske jolekaker, brød og bollar.

Låven er framleis proppfull av gode, norske handverksprodukt. I år er det varer i 2 fulle etasjer. Få med deg eit besøk på landets største utsal med norske, handlaga kvalitetsvarer.

På Låven vil Vesla Landsverk demonstrera rosemåling.

På Loftet har Ingolf Endresen open sylvverkstad.

I Årestoga er det kafè med sal av graut, jolekaker, vaflar og krumkaker. I tillegg kan du få kjøpa cappocino, kaffe latte, espresso og sjølvsagt god gamaldags kaffi.

Telemarkstunet bugnar av norske, handlaga produkt som kan bli til både harde, blaute og smakfulle pakker.

Plakat



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.