Hjem > Kontakt oss > Artikler > Tidligere arrangement > Avslutningsdagar ved Høgskolen i Telemark, Rauland, 11.-13.juni


Avslutningsdagar ved Høgskolen i Telemark, Rauland, 11.-13.juni

Eit tettpakka program med konsertar, utstillingar og showet Fashion fesjå, sto på programmet når Institutt for folkekultur opna dørene helga 11.–13.juni.


Avslutningsdagar ved Høgskolen i Telemark, Rauland, 11.-13.juni

Eit tettpakka program med konsertar, utstillingar og showet Fashion fesjå, sto på programmet når Institutt for folkekultur opna dørene helga 11.–13.juni.

Fashion Fesjå 2010:

For tredje året på rad ble det i helgen avholdt Fashion Fesjå på Høgskolen i Telemarks(HIT) lokaler på Rauland.

Se i fullskjerm

Slik var det:

Fredag kveld kl. 20.00 er det konsert med tidlegare student Annlaug Børsheim i Skinnarlandsamlinga, ”Annlaug solo”, og laurdagskveld kl. 18.00 er det den tradisjonelle konserten med folkemusikkstudentane i Dyre - Vaa samlingane.

Laurdag og søndag er det opne utstillingar frå kl. 11.00, og det heile vert avslutta med showet Fashion fesjå kl.16.00 i Vinjesalen. Fashion fesjå er i år som i fjor i regi av Veronika Glitsch, og musikken til showet er laga av folkemusikkstudentar. Utstillingane syner arbeid i tre, metall og tekstil frå alle studia ved instituttet, frå deltidsstudia i maskinstrikking, årsstudia-, bachelorstudiet - og masterstudiet i tradisjonskunst.

Gry Marie Grindbakken frå Stathelle stiller ut nye arbeid i filigran. Dette er arbeid som er gjort i perioden ho har hatt Telemark fylkeskommune sitt arbeids- og utviklingsstipend i tradisjonskunst.

I Årestoga og på Telemarkstunet har tradisjonsmatstudiet si utstilling, og dei serverar også smaksprøver av ulike rettar. Handverksutsalet på Låven er ope denne helga, og det er mogleg å få kjøpt seg mat og drikke i kafeen på Raulandsakademiet.

I media:



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.