Hjem > Kontakt oss > Artikler > Sherpaer i Rauland – tjener to årslønner i uka!


Sherpaer i Rauland – tjener to årslønner i uka!

Telemarkingar lærte steinkunst av sherpaer frå Nepal


Laurdagen midt i september arrangerte Vidda Vinn og Geirr Vetti kurs i steinsetjing på stigen opp til Falkeriset på Rauland.

Kursleiar Geirr Vetti

Kursleiar Geirr Vetti er arbeidsgjevar for sherpaene frå Nepal, som i tillegg til Falkeriset og Solstien, arbeider med mange andre steinsetjingsprosjekt i heile Noreg.

Tjue ivrige kursdeltagarar

Denne dagen hadde over tjue ivrige kursdeltakarar frå Vinje, Tinn og resten av Telemark møtt opp for å lære steinkunst frå Nepal.

Dei fekk prøve å kløyve stein, lage vassrenner, steintrapper og steinsett stig med handreiskap og muskelkraft.

Det er utruleg kva ein kan få til med teknikk, spett, hakker, grafser og spadar!

Vidda Vinn

Falkeriset er eit av seks tilretteleggingspunkt i Vidda Vinn i Vinje og Tinn.

Det er eit av dei mest populære turmåla i Raulandsområdet, og den gamle stigen går i våte og myrlendte parti. Dette fører til at stigen blir både brei, djup og gjørmete.

No blir det nytt startpunkt med parkeringsplass og steinsett stig på ein tørrare trase opp til toppen. Sherpaene er godt i gang med stigen, som er planlagt ferdig i løpet av sommaren 2012.

Det er viktig å ha kontroll på vatnet. Her lærer deltakarane å lage vassrenner som skal steinsetjast, og som leier vatnet under brua og vekk frå stigen.

Alle foto: Arne Aas

Flotte forhold

Sammen er vi sterke!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.