Hjem > Kontakt oss > Artikler > Opning av Kvennavegen 29.juni


Opning av Kvennavegen 29.juni

Vellukka opning av Kvennavegen ved Mogen Turisthytte


Til saman 45 personar deltok på ei vellukka opning av Kvennavegen ved Mogen Turisthytte onsdag 29.juni.

Audun Garberg, politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet, stod for den offisielle opninga. Janne Sollie, direktør i Direktoratet for naturforvaltning, ordførar Arne Vinje og Tinn-ordførar Turid Opedal var også til stades og kasta glans over opninga.

Turveg i prosjektet Vidda Vinn

Kvennavegen er den første ferdige turvegen i prosjektet Vidda Vinn, som er eit samarbeid mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar. Vidda Vinn er eit av 15 nasjonale prosjekt i Direktoratet for naturforvaltning sitt verdiskapingsprogram for naturarven. Prosjektet er finansiert av direktoratet for naturforvaltning, Telemark Fylkeskommune, Vinje kommune og Tinn kommune.

Turvegen er eit lågterskeltilbod for tilreisande, hyttefolk og bygdefolk ved Mogen turisthytte.

Ta rutebåten Fjellvåken til Mogen i sommar og prøv den korte, lette rundturen, lytt til snakkestolpen som fortel om livet på Møsstrond og nyt fossebrusen langs svaberga ved Kvenna.

Last ned turbeskrivelse her



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.