Hjem > Kontakt oss > Artikler > Ny turveg og parkeringsplass på Falkeriset ferdig


Ny turveg og parkeringsplass på Falkeriset ferdig

- 4 sherpaer har stensatt Falkeriset


Raulands mest populære fottur er stensatt

Sherpaer er ferdige

Den nye parkeringsplassen og turvegen til Falkeriset på Rauland er ferdige. Sherpaene sette i  helga krona på verket med ei ny steintrapp ved startpunktet på den nye parkeringsplassen. Me ønskjer alle turgåarar velkomne til topps på den steinsette stigen!

Praktisk informasjon:

  • Skilting og merking vil bli fjerna frå den gamle stigen, som ikkje lenger vil vera i bruk.  
  • Ny parkeringsplass med plass til om lag 25 bilar finn du 200 m forbi den gamle p-plassen i retning Møsvatn.
  • Den gamle parkeringsplassen kan brukast ved behov

Slik kjem du til Falkeriset

Frå Rauland sentrum: Følg rv 362 mot Haukeli. Etter 4 km, ta av til høgre mot Kromviki (skilta). Følg grusvegen Kromvikvegen 10,5 km til ein parkeringsplass på høgre side (gamal p-plass). Startpunktet for den gamle stigen er markert med ei infotavle på venstre side av vegen.

Last ned turforslag og kart (http://www.visitrauland.com/content/view/full/3961)

Sau på beite = hund i band

Se forskrift for datoer her.

Falkeriset er sauebeite. Det er viktig å halde hunden i band. Kvifor?

1.       Lause hundar kan jage små lam til dei blir utmatta og stuppar.

2.       Lam og mor kan bli skilde frå kvarandre. Lammet får ikkje mjølk, og kan dø. Mora får ikkje tømt juret, og får jurbetennelse.

Villreinen sitt leveområde

Gjennom perioden av året brukar villreinen områda rundt Falkeriset. Er du heldig, kan du få sjå dyr på turen din. Vis omsyn til reinen og nyt synet av den på avstand!

Vidda Vinn

Turvegen til Falkeriset er eit tiltak i prosjektet Vidda Vinn, som er eit samarbeid mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar. Hovudmålet i prosjektet er å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet på ein måte som gjer at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda vinn. Vidda Vinn er eit av femten nasjonale prosjekt i Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt verdiskapingsprogram for naturarven. Telemark fylkeskommune og DN finansierer prosjektet saman med kommunane.

Sjå Miljøverndepartementet sin nye film om Vidda Vinn (http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/aktuelt/nyheter/2012/solstien.html?id=686586)

Les mer om turforslag i Rauland:

http://www.visitrauland.com/Sommer/Turforslag-i-Rauland

Begge foto: Guro Lien

Se turen interaktivt:



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.