Hjem > Kontakt oss > Artikler > Norsk Luftambulanse med påskebase på Rauland


Norsk Luftambulanse med påskebase på Rauland

- Norsk Luftambulanse i Rauland


I påska opprettar Norsk Luftambulanse ein mellombels helikopterbase på Rauland.

Generalsekretær Åslaug Haga fortel at Telemark er eit område organisasjonen meiner er for dårleg dekt av den ordinære legehelikopterberedskapen og målet er å bidra til ekstra tryggleik i påskefjellet.

I heile området som helikopteret primært vil dekke er det stor påskeutfart.

I kommunane som ligg i 20 minuttar flygetid frå Rauland bur det til vanleg 30.000 menneske. I påska mangedoblar dette talet seg. Berre i Rauland aukar innbyggjartalet med over 20.000 menneske.
Haga fortel at den ekstra beredskapen ikkje får offentleg støtte, og Norsk Luftambulanse er avhengige av finansiering ved hjelp av bidrag frå medlemar, privatpersonar og næringsliv.

Næringslivet i Vinje har alt bidrege med kr 150.000,- til ekstraberedskapen på Rauland og Vinje kommune har stilt opp med kontaktnett og ressursar for å leggje til rette for påskebasen.
Haga meiner det er behov for ein permanent base i Telemark. Med påskeberedskapen på Rauland ynskjer dei å skape merksemd kring behovet.

Ekstraberedskapen på Rauland styrkjer luftambulansekapasiteten for befolkninga i heile Sør-Noreg.

Påskebasen vil kunne avlaste travle basar som Ål, Arendal, Stavanger og Bergen, slik at desse i mindre grad må velje mellom samtidige oppdrag.

Det blir arbeidd lokalt i Vinje for å få på pass ein ny base i Vinje for luftambulansen.

Plasseringa i Vinje vil gjera at ein stor del av Sør-Noreg, som nå ligg utanfor 20-minuttarsgrensa for responstid, vil få eit likeverdig tilbod som det meste av Sør-Noreg elles.

Det er dei regionale helseføretaka og politiske myndigheiter som tek avgjerda om og kor ein eventuelt skal etablere ein slik base.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.