Hjem > Kontakt oss > Artikler > Med Vinje turlag og Barnas turlag Vinje til Mogen !


Med Vinje turlag og Barnas turlag Vinje til Mogen !

Høgfjellscruise på Møsvatn til Mogen


Mogen

Mogen turisthytte ligg i den veglause bygda Møstrond ved foten av Hardangervidda. Søndag 16 september held turisthytta oppe ekstra for Vinje turlag og barnas turlag i Vinje. Vi inviterer til ein flott båttur over Møsvatn med M/S Fjellvåken inn til hytta saman med oss.

Olav Nystog vil vere med som kjentmann. Turen tar to timer, og det er 700 meter å gå frå der båten legg til og fram til hytta.

Lokalmat

Vertskapet møter oss med eit velsmakande måltid på turisthytta når vi kjem fram. Det blir servert heimelaga fiskekaker av røye frå Møsvatn for vaksne, og for ungane blir det Mogen-burger av høglandsfe frå nabogarden.

Natursti

Vidare vil det bli arrangert ein spennande natursti og aktivitetar for dei minste, samt ein tur på den nye Kvennavegen. For dei litt større vil det bli ein fin tur på 2,5 km inn til Plassefoss i Kvenna­vassdraget. Vi går då forbi fjellgarden Argehovd, der vi får ei orientering om korleis dei driv garden i dag og litt historikk. På veg tilbake sel vertskapet på hytta ferske kanel­boller.

Tidspunkt

Båten går frå Skinnarbu kl. 10.00 og er framme kl. 12.00. Båten går tilbake frå brygga kl 17.00 og er tilbake på Skinnarbu kl. 19.00.

Prisen – er sterkt subsidiert - inkluderer båttur tur-retur og lunsj på hytta!!  Pris for vaksen er kr 300,- (full pris kr 600,-), og for born 4-15 år er kr 100,- (full pris kr 300,-).

Påmelding

Påmelding skjer til Rauland Turist på tlf 40 46 97 50 eller e-post torbenSPAMFILTER@visitrauland.com <torbenSPAMFILTER@visitrauland.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen).

Frist for påmelding er måndag 10 september! Ver tidleg ute, det er avgrensa med plassar på båten. Medlemmar i DNT/Vinje turlag blir prioritert.  Hugs å gje opp tal vaksne/born og om du/de er medlemmar eller ikkje. Dei som ønskjer å reise inn dagen før gjer det på eige initiativ.

Vil du vite meir – sjå her: http://visitrauland.com/Aktoer/Fjellvaaken-II                                          

Eller her: http://mogen.turistforeningen.no/

Kontaktpersonar er Tonje Orum i Barnas turlag (tlf 997 86 757), eller Thor Christiansen i Vinje turlag (tlf 958 19 189).                          



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.