Hjem > Kontakt oss > Artikler > Liberiakveld i Rauland.


Liberiakveld i Rauland.

Liberiakveld i Rauland.


For 10 år sidan kom det to flyktningefamiliar frå Liberia til Rauland.

På Raulandshuset (festsalen) laurdag 2. november kl. 18.00. 

På FN-dagen det året vart det skipa til ein velkomstfest på Rauland.No ynskjer liberiarane å ha ein ny fest, for å takke bygdefolket for 10 gode år i Rauland. Mykje har hendt, og dei vil gjerne fortelje om litt av det gjennom ord og bilete.

Dei to kvinnene, Frances og Phenecia, har vore særs aktive i Kjeringråd i Vinje desse åra, og har fått med seg dei til å organisere denne kvelden.

Det vil bli servert smakfull mat frå Liberia, musikk og underhaldning – det er alltid livat der desse er!

Det vil bli taler ved ordføraren i Vinje, samt leiaren i Den liberiske foreininga i Noreg.

Kvinnene er aktive i ein liberisk kvinneorganisasjon, Liwonpad, som har starta hjelpearbeid i heimlandet. Det vil bli orientert meir om dette arbeidet i løpet av kvelden.Kjeringråd i Vinje håpar mange vil finne vegen til Raulandshuset laurdag 2. november kl. 18.00!Av omsyn til servering, er det påmelding innan 30.10 til: Jorid: 97789806, Jorunn: 93833346 el. Frances: 47661514



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.