Hjem > Kontakt oss > Artikler > Har du lyst til å lære å gå teknisk riktig på ski?


Har du lyst til å lære å gå teknisk riktig på ski?

- Kurs i skiteknikk


Har du lyst til å lære skøyting?

Instruktør: Jostein Hestmann Vinjerui

Vil du ha ei oppfrisking av teknikken din?

Eller vil du gje bort eit kurs i jolegåve?

Kursa er over 2 eller 3 dagar. Kvar dag trenar me 1,5 time noko som totalt vil gje 4,5 time instruksjon. Det vil være kurs i både klassisk og skøyting. Instruksjon tilpasses etter nivået på deltagerane, men det er å rekne som eit nybegynnarkurs. Ingen krav til utstyr anna enn ski, stavar og skisko.

24.-25.3:                 2-dagars kurs. Pris: 1000 kroner

28.-30.3:                 3-dagars kurs  Pris: 1500 kroner

Kor/når:

Idrettsbanen ved Rauland skule. Skøyting kl 1100 og klassisk kl 1300.

Om meg: 

32 år. Oppvokst på Rauland og har ein bakgrunn som aktiv langrennsløpar før eg vart trenar. Jobbar i dag som trenar for Team Nord-Norge, noko som vil sei at eg har ansvaret for dei 7 beste seniorløperane i Nord-Norge. Dette teamet er eit av tre som Norge skiforbund har under landslaga. Trenar utøvere som har prestera så godt at dei har tatt medalje i NM og deltatt i verdenscupen. 

Tidligare har eg trena både rekruttar og juniorar.Har også jobba som instruktør på skiskule i Tromsø dei siste tre åra.

Påmelding/spørsmål: 

vinjeruiSPAMFILTER@gmail.com <vinjeruiSPAMFILTER@gmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) eller telefon 957 24 588



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.