Hjem > Kontakt oss > Artikler > Gjer Hardangervidda enklare å oppleve for bilturistar


Gjer Hardangervidda enklare å oppleve for bilturistar


Hardangervidda.com vart lansert i januar 2013.

– Dette skal bli den viktigaste informasjonskanalen for sommarturistar som vil oppleve Hardangervidda utan å gå fleire dagar til fots, seier prosjektleiar i Vidda Vinn, Guro Lien.

Hardangervidda.com er ei ny nettside for dei som vil oppleve Hardangervidda vår, sommar eller haust. Her finn ein tips til bilferien langs Hardangervidda nasjonalparkrute – fjellvegen i Telemark.

- Me har samla tips til køyreruter langs Hardangervidda med ulike tema; Borna sine favorittar, fotturar og naturopplevingar, kunst & kultur. Dette er staden for dei som vil lære meir om nasjonalparken og høgfjellsplatået Hardangervidda, eller finne ut kva Hardangervidda nasjonalparksenter kjem til å by på.

Kort veg frå bilen til Hardangervidda

Lien forklarar at Hardangervidda.com har som mål å bli den mest besøkte og best likte nettsida for sommarturistar som vil oppleve Hardangervidda utan å gå fleire dagar til fots. 

– Du treng ikkje å gå langt for å oppleve Hardangervidda, seier ho. På Hardangervidda.com finn ein tips til utsiktspunkt og Hardangervidda-opplevingar som berre er ein kort, lett fottur unna. Mange ligg til og med like ved hovudvegen.

Hardangervidda er Europas største høgfjellsplatå, og den indre kjernen utgjer Skandinavias største nasjonalpark* (utanom Svalbard). Internasjonalt er nasjonalparkar populære reisemål, og med dette tilbodet vil me vise at det er lett å oppleve Hardangervidda.

Vinje og Tinn satsar saman

Hardangervidda.com er eit samarbeid mellom prosjektet Vidda Vinn, VisitRjukan, Rauland Turist og Hardangervidda Senteret. Guro Lien, prosjektleiar i Vidda Vinn, seier at målet med nettsida er å samle informasjon om lett tilgjengelege sommaropplevingar ved Hardangervidda på ein stad.

Karin Rø, dagleg leiar i visitRjukan as er stolt av samarbeidet så langt.
- Hardangervidda.com er et godt planleggingsverktøy med fine turforslag for ulike målgrupper. Tinn og Vinjes felles mål er å få flere turister til å besøke oss. Med denne felles satsingen står vi sterkere sammen.

- For Rauland er www.hardangervidda.com den ultimate informasjonsbasen som er med å sikre at våre turister får maksimalt ut av oppholdet i området, sier Geir Midtbø, dagleg leiar Rauland Turist as

- Hardangervidda, som ein av Europas største nasjonalparkar, med si plassering midt mellom Oslo og Bergen, har eit stort potensial for å trekke fleire sommarturistar til bygdene og reisemåla utanfor nasjonalparken og utanfor villreinen sitt leveområde, seier ho. For eit av dei viktige måla med Vidda Vinn og Hardangervidda.com, er å leie turisttrafikken til dei stadene der næringa kan tene pengar på den, samstundes som ein tek omsyn til grunneigarinteresser og villreinen sitt leveområde.

Tiltaket er delfinansiert av Direktoratet for naturforvaltning og er ein del av programmet ”Naturarven som verdiskaper”.

Under utvikling

I første omgang dekker nettsida fjellområda rundt Rjukan, Rauland og Haukelifjell i Telemark, men på sikt er ambisjonen å utvide den til å gjelde heile Hardangervidda dersom aktørane vidare rundt Hardangervidda ønskjer å bli med.

Lien understrekar at Hardangervidda.com er under utvikling, og at meir innhald vil kome etter kvart. Nettsida vil utvikle seg i månadene framover bl.a. med engelsk versjon. - Me vil også fylle på med meir innhald, kart, tekst og bilete, og sjølvsagt linke det heile til sosiale mediar. - Me tek gjerne imot innspel undervegs, avsluttar Lien som gler seg til at enda fleire turister enklare skal få oppleve kva Hardangervidda har å by på.

www.hardangervidda.com

Kontaktpersonar for meir informasjon

Guro Lien, prosjektleiar Vidda Vinn,
Mob. 957 46 681, e-post:
guroliSPAMFILTER@vinje.kommune.no <guroliSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Torben Andersen, turistsjef Rauland Turist as
Mob. 404 69 750, e-post:
torbenSPAMFILTER@visitrauland.com <torbenSPAMFILTER@visitrauland.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Hege S. Næss, markedsansvarlig VisitRjukan as
Mob. 952 67 290, e-post:
hegeSPAMFILTER@visitrjukan.com <hegeSPAMFILTER@visitrjukan.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Last ned pressemateriale:



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.