Hjem > Aktør > Vinje snoformingsfestival > Aktuelt > Antiloop - et tverrkunstnerisk improvisasjonskonsept


- Snoformingsfestivalen i Vinje

Vinje snoformingsfestival
Telefon: 41690212
E-post: snoformingSPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Antiloop - et tverrkunstnerisk improvisasjonskonsept

Fredag 15. februar kl. 22.00

Antiloop er eit tverrkunstnerisk improvisasjonskonsept som de får sjå på Snoformingsfestivalen fredag og laurdag kveld. Videokunstnar er Sigurd Ytre Arna og musikar er Mette-Henriette Martesdatter Rølvåg på saxsofon .

Dette er samarbeid som har utspring frå Anti-loop i Oslo, og me ynskjer å invitere denne Anti-loop konstellasjonen til å køyre to Anti-loopar på utescena vår av sno. Og me bygger au ein bakvegg av sno, perfekt til å køyre live video-kunst projeksjon. 
Anti-Loop har vore eit vekentleg visningskonsept i Oslo, for sjangeroverskridande improvisasjonskunst. Dansekunstnerane Sterud, Kongsness og Vesaas inviterer med seg ulike kunstnerar (musikerar, videokunstnerar) til ein uhøgtideleg kveld med leikent improvisatorisk arbeid. Utøverane varierar frå gong til gong så publikum opplever ulike konstellasjonar kvar gong og bli vitne til deiras fyrste møte. Dei ynskjer med Anti-Loop å minske gapet mellom prosess og resultat, og dessuten etablere ein solid men fleksibel plattform for improvisasjonskunst.

Me ynskjer å vise publikumet på Snoformingsfestivalen ei forestilling som bli ur-premiere nett for dei, og som ikkje vil bli vist seinare. Me velger å ha to forestillingar, for å sjå skilnaden på Anti-loopar med sama utgangspunkt og rammer. 

Snoformingsfestivalen i Vinje er ein festival der me lagar skulpturar i sno. Deltakarane er både barn og vaksne. Dei blir dela opp i lag på liten og stor kube. Det er både profesjonelle vaksne utøverar og amatørar som deltek. Målgruppa er barn og ungdom, men og vaksne som likar å forme. Me har lenge yngst oss ei danseoppleving blant skulpturane.

Billettar

gratis

Arrangør

Folkeakademiet Vinje i samarbeid med Snoformingsfestivalen

15. - 17. februar 2013

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.