Link tab title



Raulandsakademiet > Tradisjon > Tradisjon


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Tradisjon

I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta. Skulen var ein frilynt folkehøgskule og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idehistorie. Folkehøgskulen vart lagt ned i 1987. Deretter skifta staden namn til Raulandsakademiet, Norsk senter for folkekultur.

Mange gamle handverk går i gløymeboka, norske mattradisjonar blir erstatta av pasta og pizza, og mange har ikkje oppdaga den gleda det er å gjera noko med hendene, skapa noko. Med kurs, aktivitetar og arrangement håper vi å gje vårt bidrag til at fleire skal få augene opp for rikdomen og mangfaldet i norske tradisjonar og hjelpe til med å føre desse vidare.

Kurs

Kunst og handverk har alltid stått i fokus på staden. Under folkehøgskuletida var det sommarkurs, som varde tre veker, der kursdeltakarane lærde veving, rosemåling, treskjering, felebygging, lafting og liknande handverksfag. Denne tradisjonen vert ført vidare. I dag blir det arrangert ca 40 kunst- og handverkskurs kvart år. Dei fleste kursa går på sommarstid, ein del kurs går som helgekurs på hausten.

Utdanning

Då folkehøgskulen vart lagt ned hadde Lærarhøgskolen på Notodden så smått starta opp Folkekunststudiet på Rauland. På slutten av 80-talet starta Folkemusikkstudiet opp. I dag er Høgskolen i Telemark, Institutt for folkekultur, den største leigetakaren på Raulandsakademiet. Folkekulturstudia på Rauland, HIT, tilbyr i dag høgare utdanning i Folkekunst der studentane kan velje mellom fagretningane tekstil, metall og tre, studium i norsk folkemusikk, studium i tradisjonsmat og studium i kreativ maskinstrikking. Du kan og ta masterutdanning i tradisjonskunst ved Institutt for folkekultur. www.hit.no/folkekultur

Byggeskikk

Bygningane på Raulandsakademiet vart sett opp i 1974. Arkitektane var Mogens Friis og Anne Tinne Kjelland Friis. Bygget er eit typisk og moderne bygg frå den tida med bruk av rå og ubehandla betong, kraftige takbjelkar og store vindaugeflater. Bygget er nå meir enn 30 år gamalt. Ved restaurering og oppussing av bygget legg vi vinn på å halda på den opprinnelege stilen i bygget.

Som ein kontrast til betongbygget vart det i perioden 1989 til 1994 sett opp eit tun med lafta bygningar. Tunet blir kalla Telemarkstunet og er bygd opp som eit tradisjonelt tun med dei husa som ein til vanleg fann på ein gard for 150 år sidan. Husa er kopiar av lafta hus på Rauland. Telemarkstunet er ikkje eit museum, vi legg vekt på at husa skal fyllast med innhald. Så derfor finn du både verkstader, handverksutsalg, kafe, lefsebakeri, vedfyrt steinomnsbakeri og røyking av kjøt og fisk på Telemarkstunet.

Mat

Kjøkenet på Raulandsakademiet ynskjer så langt som råd å bruke lokale råvarer. Til fest og selskap legg vi vekt på å servere mat som har med norsk tradisjon å gjera. Bodil Nordjore har hjelpt oss med menyar. Kvar haust arrangerar vi rakefisklag, der gjestene får høve til å smake om lag 15 forskjellige rakefiskar og i tillegg andre fiskerettar.

I Gardjordstoga blir det arrangert kurs i tradisjonsmat, i Eldhust finn du ein vedfyrt steinomn der det blir steikt brød og bollar heile sommaren og før jul, i Stallen blir det steikt flatbrød og kling som er det lokale namnet på lefse. Badstoga blir bruka til røyking av kjøt og fisk, både tradisjonsmatkursa og kjøkenet på Raulandsakademiet brukar Badstoga flittig til røyking av matvarer. Du kan og gå på kurs å læra å lage brød i den vedfyrte steinomnen, eller lære å lage kling og flatbrød på takke.

Skal du ha fest eller jubileum er det mogeleg å arrangere for eksempel pølsekurs og bakekurs om dagen som ein aktivitet for gjestene og ha fest i Årestoga om kvelden. Då kan ein for eksempel servere den maten som vart laga om dagen.

Kunst

På Raulandsakademiet finn ein mykje kunst. Her er fleire store maleri av Dyre Vaa og i vestibylen står ein gipsfigur av skulpturen ”Sæbyggjesystrene”. I tillegg ein del mindre gipsfigurar. Ute står bronseskulpturen ”Mor og barn”.

Vi har fleire maleri og mange tusjteikningar av Olav Vaagen.

Vi har om lag 40 studieteikningar etter Kristian Kildal.

Mange grafiske blad av Svalaug Svalastoga og fleire grafiske blad av Terje Grøstad. Elles finn ein årsyklus frå Møsstrond laga av Sven Paulsson, biletvevteppe av Kari Holthe, relieff av Øystein Kostveit laga av …… Svensen, vevde teppe av Miling Svalastog, scenetepper designa av Sigrun Berg og fleire tradisjonelle åkler.

Ute finne ein relieff av Rikard Berge og relieff av Jørgen Tjønnstaul, begge laga av Knut Skinnarland.

I gangavstand frå Raulandsakademiet ligg Dyre Vaa samlingane. Det er ein stor samling av Dyre Vaa sine arbeid, både skulptur, maleri og teikningar. Her finn ein og arbeid av Tor Vaa og ein stor samling av tresnitt signera Svalaug Svalastoga.

Rett i nærleiken av Dyre Vaa samlingane finn ein Knut Skinnarlang museum. Her er skulpturar og teikningar av Knut Skinnarland og trefigurar skore av Aslak Svalastoga.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.