Link tab title



Raulandsakademiet > Telemarkstunet > Torgdag 16. september 2017


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Torgdag 16. september 2017

Som i tidlegare år ynskjer vi velkomen til ein fin familiedag der alle som har noko å selge eller vise fram kan gjere det.

Raulandsakademiet står for sal av vafler, kaffi og varme retter i Gardsjordstoga. Husflidsnemnda stiller opp og opnar dørene til Låven med alle sine fine handverksprodukt. Bakeria kjem i gang med steinovnsbakte bollar og brød, nysteikt kling og flatbrød.

 

Det som vi manglar er deg! Mange besøkande set pris på å kunne handle lokale eller økologiske produkt direkte frå dei som lager dei. Det er god plass ute for dei som vil stå i friluft. Du stend sjølv for rigging av stand, sei frå om du treng straum. Gardsjordstoga og Årestoga er ledig for dei som ynskjer tak over hodet – her er det plass til fleire handverkarar.

 

Prisar:
• Pris pr stand (inne eller ute) for matprodusentar og andre professjonelle kr 500.-
• Pris for bil med open bakluke for sal av bruka ting kr 100.-

Vi reknar med mange hyttefolk og fastbuande!
Vi håpar på fint ver og mange gode produkt frå ein god haust.

 

Påmelding:

Tlf. 35073292 eller  postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) seinast 13. september.

man tir ons tor fre lør søn
           V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.