Link tab title



Raulandsakademiet > Telemarkstunet > Husene på tunet


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Husene på tunet

Velkommen til Telemarkstunet! Vi byr på eit koseleg uteområde innramma av ei samling lafta bygg. Her er plassen for barn som vil leike, langfarande som skal kvile seg og kultur- og matinteresserte som vil handle eller smake på norske kvalitetsvarer. Det er kafé, handverksutsal og bakeri heile sommar og gratis konsertar kvar helg. I vintertid (før jol og påske) opnar handverksutsal og bakeri.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. baking i Eldhuset, røyking av kjøt og fisk i Badstoga eller selskap i Årestoga og Gardsjordstoga.

Årestoga

Omlag ein gong i månaden er det konsert og kro i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

Årestoga passer ypperleg til mellomstore selskap (inntil 40 personar) om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Låven

Låven er kopi av ei tradisjonell løe frå Vest-Telemark. Her finn du eit handverksutsal med ekte produktar frå omlag 120 ulike kunsthandverkarar. Det blir lagt vekt på norske produkt.

Låven er open kvar dag heile sommaren, i feriane og nokre helger før jul. Det er óg høve til å bestille opning av handverkutsalget og omvisning på Telemarkstuent for grupper. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.

Gardsjordstoga

Gardsjordstoga er ein kopi av eit hus frå Rauland. Vi har utvidet med eit stort modern kjøken og gjort i stand til eit flott selskapslokale. Her er det to rom med sitteplass til ca. 40 i kvart - ein kan også bruke eit rom til servering og eit til dans! Om sommaren kan ein besøke vår sommarkafé i Gardsjordstoga og nyte retter laga av lokale råvarer, gode heimelaga kaker, iskrem og vår eigen øl.

I tillegg har vi fleire rekonstruerte hus i bruk på tunet:

  • Veslebur
  • Loftet
  • Eldhuset
  • Stallen
  • Badstoga
man tir ons tor fre lør søn
             


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.