Hjem > Aktør > Raulandsakademiet > Selskap / arrangement > Selskap / arrangement


- Overnatting - Kurs - Servering


Selskap / arrangement

Vi tek gjerne på oss å arrangere selskap og andre tilstellingar, for dei som måtte ynskje det.

De kan halde selskap her, og gjestene kan t.d. overnatte og få frukost her.

Leige av selskapslokale

På Telemarkstunet har vi blant anna Årestoga, som ein kan leige om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. I Årestoga er det plass til å servere omlag 40 personar. Ta kontakt og få tilsendt vår festmeny. Det er i tillegg høve til å leige Årestoga og ta med maten sjølv. Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. matlaging i Gardsjordstoga, baking i Eldhuset eller Årstoga, røyking av kjøt og fisk i Badstoga.

Årestoga

Årestoga er eit fint selskapslokale, som ligg på Telemarkstunet, og har plass til å servere omlag 40 personar. Vi ordnar med mat og skjenking.

Vinjesalen

Er det snakk om større arrangement, der ein treng plass til mange folk, har vi Vinjesalen, festsalen vår, som er fin til slikt bruk. Vi syter for mat og drikke, og gjestene kan overnatte her.
Ta kontakt på tlf. 35 07 32 92 eller mail <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Remove SPAMFILTER from the address) for prisar og meny.