Overnatting - Rauland Vandrehjem
Billig overnatting - heile året
Raulandsakademiet har blitt medlem av Norske Vandrehjem og tilbyr billig overnatting med frokost året rundt på enkelt, dobbelt- eller familierom.
Hausten 2010 bygde vi om overnattingsdelen. Romma har fått heilt ny innreiing, og alle romma har no eige dusj og toalett.
Vi har 49 rom fordelt på enkeltrom, dobbeltrom og familierom.
Påsketilbod
Overnatting med fullpensjon (frukost, niste og middag) laurdag 31.mars - onsdag 4.april, eller onsdag 4. – sundag 8.april, 10% rabatt om du er heile perioden.
Eksempel:
Overnatting på tomannsrom frå onsdag til sundag i påskehelga inkludert frukost,niste og middag , kr 740 pr person pr døgn.
Nyoppussa rom på Raulandsakademiet!
Alle rom har fått dusj og toalett.
Store fellesrom
Vi har store fellesrom, TV-rom, peisestoge, møterom og stor festsal/gymnastikksal. I gymsalen kan ein spele volleyball, badminton, fotball eller innebandy om kveldane. Salen er veldig populær blant ungane.
Matsal
I matsalen er det plass til 90 personar. Det blir servert god, norsk mat. Dersom du ønskjer det, kan vi lage til festmiddag eller andre spesielle opplegg, for eksempel spekemat med heimebakt flatbrød, røkt totakrøye eller liknande. Vi har skjenkebevilling for servering av øl, vin og brennevin.
Vi kan tilby overnatting med frukost eller fullpensjon.
Prisar - trykk for stort bilete
Rabatter:
10 % for medlemmar av Norske Vandrehjem.
10 % rabatt til grupper som tegner gruppemedlemsskap i Norske Vandrehjem.
Spesialprisar for grupper:
Ver vennleg å kontakte oss for spesialtilbod på tlf. 35 07 32 92, dersom de er ei stor gruppe.
Sommer
Om sommaren kan du delta på 60 handverkskurs, og på Telemarkstunet er det steinovnsbakeri i Eldhuset og handverksutstilling på Låven. Bærplukking, fiske og fotturstiar.
Vinter
Om vinteren er det kort avstand til langrennsløyper og skisenter, og det er 500 m til skibusshaldeplass - bussen er gratis.
Raulandsakademiet ligg 1,5 km frå Rauland sentrum i retning Haukeli/Nesland.