Link tab title



Raulandsakademiet > Overnatting og selskap > Selskap


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Selskap

Har du noko å feire? Vi tek gjerne på oss å arrangere selskap og andre tilstellingar, for dei som måtte ynskje det. Me har gode erfaringar med å arrangere slektstemne, jubileum, og bursdagsfeiring.

Ta kontakt! Me lagar den riktige pakke for deg!

Leige av selskapslokale

Telemarkstunet

På Telemarkstunet har vi Gardsjordstoga og Årestoga, som ein kan leige om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. I Årestoga er det plass til å servere omlag 40 personar. Her kan vi servere enkle retter. Det er i tillegg høve til å leige Årestoga og ta med maten sjølv. I Gardsjordstoga kan vi tilby ein komplett festmeny for inntil 60 mennesker (minste bestilling 20 personar). Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. matlaging i Gardsjordstoga, baking i Eldhuset eller Årestoga, røyking av kjøt og fisk i Badstoga.

Vinjesalen

Er det snakk om større arrangement, der ein treng plass til mange folk, har vi Vinjesalen, festsalen vår, som er fin til slikt bruk. Vi syter for mat og drikke, og gjestene kan overnatte her. 

Konferanse og Møterom

Legg ditt neste konferanse hit! Vi har fleire rom egnet for foredrag og møter, pluss alt som trengs av servering og overnatting.

Ta kontakt på tlf. 35 07 32 92 eller mail <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) for prisar og meny.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.