Hjem > Aktør > Raulandsakademiet > Om Raulandsakademiet > Om Raulandsakademiet


- Overnatting - Kurs - Servering


Om Raulandsakademiet

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta.

Skulen var ein frilynt folkehøgskule og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idehistorie. Folkehøgskulen vart lagt ned i 1987 og Raulandsakademiet Norsk senter for folkekultur blei stifta.

Offentleg eid aksjeselskap

Raulandsakademiet A/S er eit offentleg eid aksjeselskap og blir leia av eit styre, som set retningsliner for økonomien og arbeidet i verksemda. Styret er sett saman av styreleiar, nestleiar og tre styremedlemmar med vara.

Høgskolen i Telemark

Ein av dei faste leigetakarane ved Raulandsakademiet er Høgskolen i Telemark, Institutt for Folkekultur. Her kan studentane få høgare utdanning i folkekunst, maskinstrikking, folkemusikk og tradisjonsmat. Les meir: www.hit.no/folkekultur

Telemarkstunet

I perioden 1989 til 1994 blei Telemarkstunet bygd opp. Her finn ein kopiar av lokale, tradisjonelle laftebygg så som løe, stall, stogebygning, loft, bur, eldhus, badstoge og årestoge.
Om sommaren er handverksutsalet på Låven ope. Her finn du om lag 100 handverkarar som stiller ut produkta sine. I tillegg har nokre handverkarar opne verkstader. I Eldhuset kan du få kjøpt ferske brød, bollar og kaker baka i vedfyrt steinomn.

Andre institusjonar på Raulandsakademiet:

Vinje kommune sitt lokalhistoriske arkiv.

Utstillingar

I gangavstand frå Raulandsakademiet ligg det to kunstsamlingar. Dyre Vaa samlingane og Knut Skinnarland kunstsamling.

Vi ynskjer deg velkommen som gjest på Raulandsakademiet.