Link tab title



Raulandsakademiet > Om Raulandsakademiet > Historie


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Historie

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta. Skulen var ein frilynt folkehøgskule og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idehistorie. Folkehøgskulen vart lagt ned i 1987 og Raulandsakademiet Norsk senter for folkekultur blei stifta.

Mange gamle handverk går i gløymeboka, norske mattradisjonar blir erstatta av pasta og pizza, og mange har ikkje oppdaga den gleda det er å gjera noko med hendene, skapa noko. Med kurs, aktivitetar og arrangement håper vi å gje vårt bidrag til at fleire skal få augene opp for rikdomen og mangfaldet i det norske kulturarv og hjelpe til med å føre desse vidare.

Kurs

Kunst og handverk har alltid stått i fokus på staden. Under folkehøgskuletida var det sommarkurs, som varde tre veker, der kursdeltakarane lærde veving, rosemåling, treskjering, felebygging, lafting og liknande handverksfag. Denne tradisjonen vert ført vidare. I dag blir det arrangert ca 60 kunst- og handverkskurs kvart år. Dei fleste kursa går på sommarstid, ein del kurs går som helgekurs på hausten.

Utdanning

Då folkehøgskulen vart lagt ned hadde Lærarhøgskolen på Notodden så smått starta opp Folkekunststudiet på Rauland. På slutten av 80-talet starta Folkemusikkstudiet opp. I dag er Høgskolen i Telemark, Institutt for folkekultur, den største leigetakaren på Raulandsakademiet. Folkekulturstudia på Rauland, HIT, tilbyr i dag høgare utdanning i Folkekunst der studentane kan velje mellom fagretningane tekstil, metall og tre, studium i norsk folkemusikk, studium i tradisjonsmat og studium i kreativ maskinstrikking. Du kan og ta masterutdanning i tradisjonskunst ved Institutt for folkekultur. www.hit.no/folkekultur

Vinje kommune sitt lokalhistoriske arkiv er også å finne på huset.

man tir ons tor fre lør søn
             


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.