Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Veving, kom i gang


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

eli wendelbo


Veving, kom i gang

Start dato: 26.06.2017

Slutt dato:    2.07.2017

Kursnr.: 1779

Lærar: Eli Wendelbo

Påmeldingsfrist 15.mai

Kurset er fullt.

Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert, gåseauge i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, træ i vevskei, nedknyting.

Eli Wendelbo er høgskolelektor, underviser til dagleg ved Høgskolen i Sørøst-Norge, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk i Rauland. Ho har i tillegg fleire vevkurs for både barn og vaksne. Dei siste åra har ho også vore vevlærar på fagopplæringa i vev i regi av Studieforbundet kultur og tradisjon. Kurs frå måndag kl. 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 15. mai.

Kursplan:

Mål: I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggende teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære, litt materiallære og korleis en kan veve tekstiler i forskjellig kvalitetar. Alle deltakarane får veve bordbrikke, nålepute og kan hende også eit handkle.

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav:Alle som ønsker å lære å veve kan søke kurset.

Det kreves ingen forkunnskaper

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1500

Vevverkstaden ligg ca 600 m i gangavstand frå Raulandsakademiet.

Måndag: kort intro om kva veving er og kva for mogelegheiter det er i veven. Bli kjend på verkstaden.

Tysdag - fredag: Veving, oppsetting av vev, renning, sveiping, hovling, framknyting, nedknyting, m.m.

Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk.

Inspirasjon til nyskaping

Laurdag – sundag: avslutte veven, ferdigstille og klargjere til miniutstilling, oppsummering og evaluering og sjå på mogelegheitene og kva som må til for å veve der du bur.

Studiematriell:

Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr.

Tilrådd litteratur: Solveig Orstad Teigen: veving, Laila Lundell: Den store vevboken.

Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. 

Ta med: Skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp

Materialkostnader: ca kr. 500 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Praktisk arbeid på verkstaden. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjon og teoriundervisning. Korte økter med teoriundervisning felles. Mykje individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Verkstadane er opne om kvelden slik at deltakarane kan praktisere utanom undervisningstida.

Pris: Kurs kr 5700,- Opphald og mat i 6 døger kr 5880,-

Lærar:         Eli Wendelbo   

Tlf.:             92020073

Adresse:     Øyfjellvegen 2606, 3864  Rauland           

E-post:        eli.wendelbo@usn.no

Siste nytt:

Eli Wendelbo er medforfattar på ei ny vevbok for barn.

Les meir om boka VEV VEL her: http://www.husflid.no/om_oss/aktuelt/ny_vevbok_i_salg

26. juni - 2. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.