Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Tredreiing


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Tredreiing

Start dato: 3.07.2017

Slutt dato: 9.07.2017

Påmeldingsfrist 22. mai

Kursnr.: 1760

Lærar: Rune Hjelen

Siste nytt: Sjå bilete frå World Wood Day 2017 - Los Angeles, USA, som Rune er invitert til. Klikk deg inn på Rune Hjelens si Facebook side.

https://www.facebook.com/runehjelen?fref=ts

Tredreiing er spanande. På kurset får du innføring i dei grunnleggande dreieteknikkane. Det blir fokus på dreiing i rått virke, dreiing av fat og dreiing av bollar, samt dekorering. I tillegg vil vi gå inn på grunnleggande materiallære, grunnleggande slipeteknikk, utveljing av egna utstyr og prinsipp for overflatebehandling. Utlegg til material kjem i tillegg til kursprisen. Kurset passar både for nybyrjarar og for dei som har dreia ein del tidlegare.

Produkt I skjeredreiing: fat og bollar. For dei som ynskjer å sksperimentere, teste ut utstyr/ form/ farge/dekor, samt ulike eigne produkt, så oppfordrar kurslærar til det.

Innhald på kurset:

  • Lære grunnleggande bruk av dreiebenken
  • Lære grunnleggande verktøyføring i dreieteknikkane spindeldreiing og skjeredreiing
  • Få grunnleggande kjennskap om material, verktøy, verktøybruk, tryggleik og sliping knytta til dreieteknikkane.

Rune Hjelen er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst fra Høgskolen i Telemark. Les meir:www.hjelen.no. Kurs frå måndag kl 19  til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 22.mai

 

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

    

Kursplan:

Mål:Målet er å gå gjennom ulike teknikkar innan tredreiing og design som skal hjelpe deltakarane til å utvikle seg vidare på eige hand i eigen verkstad.

Ant. timar med lærar42   Spesielle krav:Ingen

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245. Sundag: kurs 0830-1500

 

Kursinnhald:

  • Historikk, materiallære, slipelære og verktøylære
  • Praktiske opplæring i dreieteknikkane spindeldreiing og skjeredreiing.
  • Bruk av læringsressursar som finns.
  • Velje ut kva slag jern og utstyr som høver til dei ymse arbeidsoppgåvene.
  • Prinsipp for overflatebehandling.

 Presentasjon av kurset, lærar og deltakarar. Gjera seg kjend på verkstaden. Tryggleiksreglar.

Gjennomgang av maskinar og utstyr. Bruk av verktøy. Sliping av verktøy.

Vurdering av materialer og produkt.

Turking av material. Tilrettelegging av arbeidet. Diskusjon.

Gjera ferdig det siste. Oppsummering, evaluering og rydding.

Produkt i spindeldreiing: minkepinne, handtak til dreiejern, handtak til ulike kjøkenreiskap.

Produkt i skjeredreiing: fat og bollar.

Studiematriell:

Ta med eige tredreingsutstyr, dreiejern dersom du har.

Ta med vernebriller, hørselvern, skyvelær, meterstokk, passar, papir og blyant.

Du må gjerne bruke eige material til bollar/fat, spindeldreiing, evt eige arbeid om kvelden

Lærar tek med mange ulike emne som deltakarane kan kjøpe.

Pris er avhengig av kor mykje som blir dreia under kurset. Kurslærar fakturerar etter kurset.

Kurset foregår på ein treverkstad med ein dreiebenk til kvar deltakar.

Jern, utstyr og slipeutstyr kan du få kjøpt av Rune Hjelen eller du kan bestille frå verktøy as i Stavanger. Ta kontakt med Rune Hjelen for råd. Han anbefaler at deltakarane ventar med å handle inn utstyr/dreiebenk til etter kurset, etter å ha fått erfaring med det ulike utstyret under kurset.

Leige/lån av tredreiingsjern kr 350.-

Forbruksmateriell under kurset kr 250.

Arbeidsform: Grunnleggande innføring i gruppe og individuell rettleiing etter behov.

Du kan arbeide på eige hand om kveldane då verkstaden er open til seint.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå trykksaker til undervisningsføremål.

• Deltakarar må følgje sikkerhetsintruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør eller kurslærar.

Pris:Kurs kr 5700, - Opphald og mat kr 5880,-

Lærar:           Rune Hjelen, Per Kvists veg 10, 7059 Jakobsli

Tlf.:.            92236257   E-post:  rune@hjelen.no

Heimeside. www.hjelen.no                    

Facebook: www.facebook.com/trekurs

I mars 2016 var Rune Hjelen 2 veker I Kathmandu i Nepal. Han var invitert fra Norge til å delta i arrangementer rundt World Wood Day 2016. Representanter fra over 100 land kom  saman for interaksjon og for å feire tre og trekultur. Arkitektur, trekunst, tredreiing, treskjæring etc.

Siste Nytt:  I mars er Rune invitert til World Wood day 2017 I Los Angeles, USA

Fylg med på Rune Hjelen si Facebook side. www.facebook.com/trekurs

 

3. - 9. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.