Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Tægerbinding


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

signe irene berg


Tægerbinding

Start dato: 3.07.2017

Slutt dato: 9.07.2017 
Påmeldingsfrist 22.mai

Kursnr.: 1728
Lærar: Signe Irene Berg

Røtene eller tæger er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Teknikken eller bindinga held materialet godt saman og forma vert stødig. Dei skarpe bøyningane i bindinga set store krav til materialet, og det er berre røter som tåler det. Tæger hentar vi i myr eller sand. Reinskar og deler. Vi bind saman i ymse mønster; vanleg binding, kontur, ruter og fleire. Vi lagar fat, skåler, korger og andre bruksting. Nybyrjarar kan få kjøpe tæger av lærar. Det tek lang tid å hente tæger, så dei som har høve til det, bør sanke tæger før kurset. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12. Påmeldingsfrist 22.mai. 

 

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

 Kursplan:

Mål:Lære tægerbinding

Ant. timar med lærar  42

Spesielle krav:Ingen

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1500

 

Innhald:

Sanke tæger, rense og dele

Opplegg og binding

Ymse bindingsteknikkar

Tykkelse på tæger, avslutte

Litt teori

Studiematriell:

Ta med:

Skrivesaker, saks og hagesaks.

Turtøy til sanketuren, gummistøvlar, gummihanskar og eit lite grev (hageredskap), plastbøtte og tollekniv.

Til binding: Liten kniv, forkle (gjerne strieforkle), fat til å bløyte tæger i .

Dei som har,  tek med tæger. Det er tidkrevjande å hent tæger i myr eller sand.

Pris på tæger: Nybegynner  ca. kr 250.-

Pris på pren ("tægernål"), kr 80 pr stk. Du treng minst 2 stk.

 

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå  arrangør.

Arbeidsform: Litt teori. Ut på tur for å hente tæger. Gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Pris: Kurs kr 5700,- Opphald og mat i 6 døger kr 5880,-

Lærar:         Signe Irene Berg

Tlf.:             67904207, 91542386

Adresse:     Kurlandsåsen 40, 1479 Kurland

E-post:        habe5@online.no

 Les artikkel om tægerbinding på Dovre

3. - 9. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.